… for vår frelse skuld steig ned …

Julebodskapen ber i seg to hovudsaker, som heng så tett saman som to sider av ein mynt, og utgjer med det mynten, sjølve saka: Guds Son vart menneske og det vart født ein frelsar!

Overskrifta til denne artikkelen er teken ut av ein lengre setning i Den nikenske trusvedkjenninga (Nikenum). Dette er eit oldkyrkjeleg og økumenisk vedkjenningsskrift som vi har feira 1700-årsjubileum for i år. Dette er det mest økumeniske og mest brukt vedkjenningsskiftet vi historisk og globalt har, men vi brukar det heller lite i norsk evangelisk samanheng. Vi brukar mest Den apostoliske trusvedkjenninga (Apostolicum), eller det som vi gjerne omtalar som dei tre trusartiklane. Desse to vedkjenningsskrifta seier det same, men Nikenum er litt meir omfattande og presis enn Apostolicum, særleg det som gjeld Jesu person.

Det er god grunn til å bruka litt tid på å studera Den nikenske trusvedkjenninga, særleg ut frå den åndssituasjonen vi lever i, både med tanke på ulike teologiske retningar og ulike religionar. Eg har ikkje spalteplass her til å gå grundig gjennom denne vedkjenninga, sjølv om det kunne vorte ei oppbyggleg julepreik! Derimot viser eg til Sareptas krukke, og eit program eg der laga for Bedehuskanalen med NLA-lærar Rolf Kjøde som fagmann om Nikenum. Dette ligg her på heimesida til Misjon Sarepta under Media, og eg trur det er både nyttig og aktuelt.

Vi har tre oldkyrkelege vedkjenningsskrift, og alle tre har same mål og oppbygging: Å slå fast læra om den treeinige Gud og Jesu to naturar. Det er difor ei vedkjenning til Fader som skapar, Sonen som frelsar og Anden som gir liv ved openberring. Sidan frelsa er det aller viktigaste, er denne mest i fokus, og med det har Jesu person og verk størst plass i vedkjenninga.

I Apostolicum og Nikenum vert ikkje læra om den treeinige Gud utforma ut over at Gud stig fram som tre personar – Faderen, Sonen og Anden. I den tredje vedkjenninga, som er ei relativ lang lærevedkjenning, Den athanasianske trusvedkjenninga (Athanasianum) vert læra om den treeinige Gud sterkt utfalda som eitt guddomsvesen, saman med at den andre personen i guddomen vert tydeleg framstilt i sine to naturar, sann Gud og sant menneske. Gud stig fram til vår frelse både som treeinig Gud og som Sonen, Gud og menneske.

Etter at Nikenum har framstilt Jesus som sann Gud, av same vesen som Faderen, kjem poenget med det heile: «som for oss menneske og for vår frelse skuld steig ned frå himmelen og ved Den heilage ande vart kjøt av Maria møy og vart menneske.» Dette er julebodskapen, og etter det tek vedkjenninga med alle vesentlege moment i det som skjedde med Jesus i påskehelga i Jerusalem. Med det vert jul og påske knytte saman, Jesu person og Jesu gjerning vert ein einskap. Det knyttest også saman med Jesu himmelfart og Jesu atterkome, slik at totaliteten i frelsa kjem fram.

Når vi les juleevangeliet hjå Lukas, og også andre stader i Bibelen, er det svært tydeleg at det var Guds Son som kom til jorda, og at han vart til som menneske i Maria sitt liv ved Anden. Det er like tydeleg at han kom som Messias, som frelsar, for å frelsa oss menneske frå syndene våre. Det er avgjerande viktig å halda fast på vedkjenninga om og til han som steig ned på jorda, slik at vi også kan halda fast på og få del i den frelsa han kom med.

Signerik julehelg!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av