Ideologisk einsretting ved hjelp av språket

Det pågår for tida ei nokså sterkt ideologiske einsretting i samfunnet vårt, og det skjer i stor grad ved styresmakta, media og kulturen – der regjeringa er i førarsetet. Vi har over lengre tid sett det i skule og oppseding, og vi ser det no tydeleg med tanke på det språket og det ordvalet som skal brukast i alle offentlege samanhengar.

I 1948 gav George Orwell ut boka 1984. Det er ei bok om manipulering, ideologisk einsretting og psykisk maktbruk på ulike plan og mange område. Det er umogleg å få tak i kva som skjer, men folk vert styrte. Det skjer noko i krokar og krinklar, i hemmelege rom og i uforståleg tale. I dette er språket ei viktig sak. Det som Orwell kalla «nytale». Det betyr at ein innfører nye ord på ulike ting, og ein legg ei ny tyding i orda. Folk vert med det forvirra og forførte. Dei vert lurte og indoktrinerte. Språket omformar samfunnet og folket.

Dette har lenge vore eit problem her i landet, men no skjer det i stadig større omfang og tempo. Folk set på sine kontor og lagar lovar og reglar, utgreiingar og rettleiingar, og innfører ny språkbruk. Vi har sett det i at fosterdrap vert omtalt som abort og fosterreduksjon, at fosteret vert omtalt som ein klump eller ein del av mora sin kropp, og i at samliv mellom to av same kjønn vert omtalt som ekteskap. Vi har også over litt tid sett det i omtale av kjønn og kjønnsidentitet, og dette vert no kjørt fram med stor tyngde.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som er et fagorgan for regjeringa, har laga forslag til retningsliner for språkbruk og ordval i ulike samanhengar. Framlegget har vore på høyring, og det vil koma ei endeleg rettleiing til våren. Det har vore svært ulike reaksjonar på framlegget, og ein del har vore nokså kritiske både ideologisk og fagleg sett. Saka er at retningslinene er svært ideologiske og einsrettande med tanke på kjønn. Rett nok seiest det at det er rettleiing og råd, ikkje krav og pålegg, men alle veit at det som slik kjem frå eit statleg organ, har stor tyngde og påverknadskraft. Det skal mykje til for ikkje å fylgja råda, og det vil lett få negative konsekvensar for vedkomande.

Ved denne rettleiinga vert det altså lagt opp til voldsom ideologisk einsretting ved hjelp av språket. Det er eit ideologisk maktbruk, for ikkje å seia maktmisbruk, som skjer – og det i statleg regi. Det vil føra til samvitspress for mange, og det vil ha alvorlege negative konsekvensar for samfunnet, fordi det er imot naturen og skapinga. Det er også imot språket sine lover, og det brukar språket til løgn. Løgnspråk er undergravande for etikken, menneskelivet og samfunnslivet.

I staden for ord som seier kva kjønn det dreier seg om, slik som gutt og jente, far og mor, søster og bror, han og ho – og kva det ellers måtte vera, skal ein bruk kjønnsnøytrale ord. Ein må vera rimeleg kreativ for å finna på alternative ord, og mange av dei er komiske og meiningslause. I alt er dei forvirrande og forførande, særleg for barn. Det som er i strid med naturen og skapinga, skaper rotløyse og identitetsproblem. Det vil straffa seg, og det vil utløysa mykje reperasjonsarbeid i etterkant, men då kan det for mange vera for seint. Når ordet «hen» skal erstatta «han» og «ho», innfører ein eit ord utan meining. Ein kunne like godt sagt «kvakk». Rett nok har det bokstavrim ved h-en, men det er også det einaste.

Det er altså nokså stort alvor i den nytalen som no skal innførast, og den ideologiske endringa og einsrettinga som ligg i denne. Det skal altså skapast ein ny måte å tenkja på og nye haldningar. Ut over det må det vera lov å karakterisera det heile som latterleg og komisk. Det er nesten som ein ikkje trur at oppegåande folk kan finna på slik, og at dei kan meina det som her skjer. Rett nok tvilar eg på at det kan slå gjennom i folket, fordi ein gutt er ein gutt, ei jente er ei jente, ei mor er ei mor, ein far er ein far, ei bestemor er ei bestemor, ein bestefar er ein bestefar, ei søster er ei søster, ein bror er ei bor – og han er han og ho er ho!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av