Centro Sarepta – kyrkjehistorie og dagens åndssituasjon

Eg er på nytt på Centro Sarepta for å undervisa. Det er siste året med det undervisningsopplegget vi så langt har hatt her. Frå neste haust er to av bolkane for Bibelskolen Sarepta lagt til Spania, og det vert spennande å sjå korleis det vil fungera. Det er fleire som har meldt interesse for det nye bibelskuleopplegget. Når det ikkje er bibelskule ved Centro Sarepta, vil det vera andre opplegg der, så det er berre å fylgja med på nettsida.

Denne gongen underviser eg faktisk over to veker, altså totalt 20 timar, i kyrkjehistorie og konfesjonskunnskap. Nokre kan kanskje tenkja at det vert i meste laget med tørr teori, men eg trur faktisk det er svært nyttig med tanke på den åndssituasjonen vi lever i. Det er mykje vi kan læra av historia for å navigera rett i den tida vi lever i. Dessutan er det slik at det er mange kyrkjesamfunn og åndsretningar som lever på sida av kvarandre, og der vi lever i ei økumenisk tid som slettar ut grenser mellom konfesjonar og teologiske oppfatningar. Då kan det vera nyttig med innsikt i kva ulike kyrkjesamfunn står for, frå den ortodokse kyrkja til pinserørsla.

I kyrkjehistoria legg eg lite vekt på årstal og namn, men prøver å få fram korleis kristendommen har gått fram opp gjennom åra, altså misjonsdimensjonen – som også ber i seg ei rik diakonal historie, med den betydning diakonien har hatt for evangeliets utbreiing. I det får ein også fram kva kristendommen har hatt å seia for utviklinga av land og folk. Eg prøver særleg å få fram kva som er lært opp gjennom historia, det vi kallar dogmehistorie, og kva læra har hatt å seia for den kyrkjeleg utviklinga og det åndelege livet.

På denne måten kan ein henta fram mykje som er til inspirasjon og som kan vera med og gi frimod i dagens kyrkjesituasjon og misjonsarbeid. Evangeliet har gått sin sigersgang gjennom alle tider, under ulike kår og under mykje motstand. Det har vore til velsigning for land og folk og til frelse for millionar av menneske. Enda står mykje att i misjonsarbeidet, og diverre vert kristendommens betydning for land og folk underkjent og bortforklart, ikkje minst i vårt eige land.

Det er ingen ting som er nytt under sola, seier Forkynnaren, og det gjeld også i stor grad på kristenlivets og teologiens område. Det gjer at vi kan læra av historia. Vi kan læra med tanke på misjon, forkynning og diakoni. Vi kan læra med tanke på vranglære og kampen mot denne. Vi kan også læra med tanke på ulik tolking av Guds ord, utan at det kan seiast å vera vranglære, men som ber i seg at det vert ulike kyrkjesamfunn og arbeidslag, og korleis desse kan fungera i forhold til kvarandre på ein konstruktiv måte.

Eg skal aktualisera dette på to læremessige område som heng tett saman. I oldkyrkja var det mykje strid og disksusjon om Guds vesen og Jesus person, og Bibelens lære vart slått fast i vedkjenningsskrift. Desse er felles for alt som er av kristne kyrkjesamfunn, og set med det kristendommens grenser. Det er fundamentalt å halda fast på at Gud er treeinig og at Jesus er sann Gud og sant mennesket. Det er avgjerande med tanke på Jesu gjerning og Jesu frelsesverk. Det er den Jesus som er openberra i Skrifta, som er frelsaren, og ingen annan.

Det vart slått fast at Jesus kom til jorda for å frelsa menneske, og då var det altså Guds Son som vart ikledd kjøt og vart menneske. Det som skjedde i julehelga, det vi kallar inkarnasjonen, hadde sitt mål i påskehelga. Jesu person og forsoninga heng saman og er avhengig av kvarandre. Gjennom mellomalderen var det diskusjon om kva Jesu død eller forsoninga gjekk ut på. Den debatten har kome oppatt mange gonger seinare, og det er ein reprise av han i dagens fagteologi. Det store spørsmålet er om Jesu død var straff for syndene våre, altså at han leid straffeliding i vår stad. Når vi ser dagens debatt i lys av kyrkje- og dogmehistoria, ser vi kor viktig spørsmålet er, og kor avgjerande det er å halda fast på det Skrifta lærer, slik at det som vert lært og forkynt er til frelse for folk.

Tilsvarande er det også avgjerande viktig å halda fat på det reformasjonen lærte om rettferdiggjering ved tru. Det har lett for at ein vert så oppteken med dei mange spørsmåla Skrifta talar om og det vi finn mest aktuelt for vår tid, at sjølve saka kjem i bakgrunnen. Luther sa at artikkelen om rettferdiggjering ved tru åleine, er den læresetninga «kyrkja står og fell med». Det er framleis sant, og då må dette vera i sentrum for forkynninga og berebjelken i truslivet.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av