Det er ofte spennande og lærerikt å lesa det ortodokse teologar skriv om den treeinige Gud og Jesu person. Den ortodokse kyrkja er svært oppteken med Guds vesen og person, inkludert Jesus om sann Gud og sant menneske. På mange måtar står gudsmysteriet i sentrum i ortodoks teologi.
I Dagen skreiv Fader Johannes Solberg, ortodoks prest, for litt sidan ein interessant og lærerik, men også forvirrande og villeiande, artikkel om korleis mennesket vert frelst, med særleg fokus på Den Heilage Andes medverknad i frelsesverket. Artikkelen er lærerik fordi den fører oss inn i den ortodokse teologiske posisjonen på dette området. Artikkelen var også interessant fordi Solberg held den ortodokse posisjon opp mot ein evangelisk eller reformatorisk posisjon. Rett nok var framstillinga av den evangeliske posisjon uklar og delvis misvisande, for ikkje å seia direkte feil. Det viser like fullt korleis ei forsoningslære av luthersk og evangelisk karakter tek seg ut sett frå ortodokst hald.
Det er ikkje rom her for å gå inn på alle spørsmåla i denne samanhengen, berre eit par av dei mest sentrale. Solberg omtalar den reformatoriske forståinga av forsoningslæra som «forensisk» eller «juridisk». Det er i og for seg ikkje feil, sjølv om det primært er rettferdiggjeringa ved tru vi omtalar som «forensisk», ved at vi ved trua på Jesu forsoningsverk vert erklærte eller dømde rettferdige for Jesu skuld. I ortodoks samanheng talar ein ikkje om forsoning, rettferdiggjering og helging som i luthersk lære. I ortodoks teologi talar ein om Jesu død til soning for våre synder, men så talar ein om «guddommeleggjering», som gjer heilaggjeringa til eitt med rettferdiggjeringa. Då vert ikkje frelsa «punktuelt» forstått (for å bruka Solberg sitt uttrykk), men som ein prosess, som også går inn i tilværet etter døden, jfr. skjærselden.
I reformatorisk samanheng forstår ein det som skjedde på krossen som ei eingongshending der Kristi offer vart bore fram for Gud ein gong for alle og for alltid. I ortodoks og (katolsk) teologi er dette annleis, for å sitera Solberg: «Kristi offer er ett og samme på korset og i Den guddommelige liturgien (Den ortodokse nattverdgudstjenesten), og det bæres fram for hele treenigheten.»
Solberg legg fram den evangeliske læra om forsoninga som om det nesten er ei spalting i den treeinige Gud, og at Den Heilage Ande ikkje har nokon funksjon i frelsespørsmålet. Dette er ei feillesing av evangelisk lære om forsoninga og frelsa, for å seia det mildt. Det er rett at der ein av personane i guddommen opptrer og handlar, der opptrer og handlar den treeinige Gud. Slik er det også i frelesverket på Golgata. Difor kan det seiast at Gud vann seg sin kyrkjelyd med sitt eige blod (Apg 20.28).
Samstundes som vi held fast på at Gud er treeinig og opptrer som det, må vi også halda fast på at Gud er tre sjølvstendige personar, og opptrer og handlar som det. Det var personen Gud Fader som la syndene våre på Jesus. Det var personen Jesus Kristus, Guds Son, som bar syndene våre opp på krossen og gjorde soning for dei der, ved at Faderen ramma Sonen med sin dom og vreide. Sonen vart forleten av sin Far. Det Faderen og Sonen gjorde kvar for seg, gjorde samstundes Gud etter sitt vesen, som treeinig, slik sett var også Anden med, men ikkje som utøvande i dom eller soning.
Anden hadde – og har – ein annan funksjon. Sidan forsoninga skjedde i den treeinige Gud, var forsoninga i utgangspunktet ukjent for og utilgjengeleg for mennesket, og med det ikkje til frelse for nokon. Som den tredje personen i guddommen kjente Anden til alt i Gud og i forsoninga. Dette fortalte eller openberra så Anden for oss via apostlane, og det er føresetnaden for frelse og gjera frelsa mogleg. Denne openberringa har vi i Skrifta, og det er ikkje berre ei teoretisk kunnskapsformidlinga, men det er openberring i Andens kraft og overtyding. Ordet – og her spesifikt evangeliet – skaper tru på Jesu forsoningsverk, og det er til vår frelse. Utan denne Andens gjerning ville frelse – etter evangelisk forståing – vore umogleg. Den Heilage Ande har med det ein avgjerande funksjon i den treeinige Gud si frelsesgjerning, men som ei anna gjerning enn hjå Faderen og Sonen.
Frelsesverket og frelsa er – som Fader Johannes Solberg skriv – ein «udelt treenighetsgjerning», men utført av dei tre personane i guddommen med kvar sine spesifikke oppgåver og gjerningar. Kristi død er straffelidinga og offeret. Motteke i tru er det til rettferdiggjering og frelse.
Johannes Kleppa

