Den siste veka har eg vore på Bjorliheimen Fjellhotell. Det starta med bibelkurs frå måndag kveld til og med torsdag. I helga var det Rådsmøte for Misjon Sarepta. Det toppa seg med overtakingsfest for Bjorliheimen laurdag kveld, med helsing frå varaordføraren i Lesja kommune. Det var ei svært inspirerande veke fra a til å.
Det var inspirerande å vera på Bjorliheimen Fjellhotell og sjå at arbeidet er i gode hender og i godt driv. Styret for hotellet hadde også møte i løpet av veka, og styret var godt nøgd så langt. Fleire gav uttrykk for at ein er imponert av det arbeidet som er lagt ned dei knappe fem månadene Sarepta har drive Bjorliheimen, og prognosane for 2026 ser så langt gode ut.
Det kan seiast mykje om Bjorliheimen og kva ein vil med denne «heimen», men det aller viktigast er at det skal vera ein møtestad mellom folk og Guds ord. Då kjem forkynninga i sentrum. Det skjedde i stor grad denne veka, og det er mange veker der Guds ord vert formidla på hotellet. Gjester som berre er innom for å ha ei seng for ei natt eller arbeidsfolk som bur der i vekevis, får også ei påminning om Gud og at det er nokre som trur på han. Det kan vera ein første kontakt med Guds folk og Guds ord.
Rådsmøtet er ikkje eit vedtektsfesta organ, men eit uformelt møte der folk som er aktive i Sarepta kan møtast til informasjon, inspirasjon og drøfting av arbeidet. Det er difor både bibeltimar og profilerande føredrag, samt informasjon om og drøfting av arbeidet. Denne gongen var naturleg nok Bjorliheimen og Bibelskolen Sarepta i fokus, men det var også fokus på arbeidet i Spania. Det var langt meir folk på Rådsmøtet denne gongen enn tidlegar, og det verka som alle sette pris på det dei fekk høyra, og at dei såg stort på at Sarepta har overteke Bjorliheimen og no startar opp ein ny type bibelskule. Det er alt nokre som har vist interesse for bibelskulen, så det lovar godt.
Dei to profilerande føredrag på Rådsmøtet gjekk på forkynninga. Det eine handla om at all forkynning skal vera ut frå ordet om krossen. Det er viktig at bodskapen om forsoning og rettferdiggjering ved tru vert rikeleg forkynt, men det er like viktig at forsoninga og rettferdiggjeringa er orienteringspunkt, berebjelke og kraftsenter for all forkynning. Dette er som navet i eit hjul. Det er det som er festepunktet for spilene, og som med det ber felgen og gjer det heile til eit hjul. Eller vi kan seia at forsoninga og rettferdiggjeringa er som jordsmonnet alt anna som vert forkynt, skal slå rot i og veksa i. Då er det viktig med nok og god jord.
Det var også eit føredrag om forkynnaren som lege, der det vart understreka at det er viktig både med rett diagnose og rett medisinering. Ordet må få gjera både si avslørande og frigjerande gjerning. Sjølv om ikkje alle på eit rådsmøte er forkynnarar, er slike tema viktige, fordi alle som har ansvar i det kristne arbeidet, må vera seg medviten kva forkynninga er, og korleis forkynninga skal vera, om ho skal fungera etter bibelske mål.
Sjølv om vi no har drive Bjorliheimen nokre månader, var det fint å få ei markering av at Sarepta har overteke denne staden som ein base for arbeidet i Norden. For meg var det ein stor kveld, eit høgdepunkt. Det var fleire fine helsingar, og folket var svært positive. Det er mange som har ønskte og bede om at Misjon Sarepta skulle overta Bjorliheimen, og det vart opplevd som at bønnesvar at det hadde skjedd. Så langt eg kan sjå, må vi kunna seia at Herren her har opna ei dør for Sarepta sitt arbeid, særleg for forkynning av og undervisning i Guds ord. Staden viste seg dessutan fram frå si beste side med snø og flott vintervær.
Johannes Kleppa

