Bibelveka “Framtid og Håp” på Bjorliheimen Fjellhotell

Bjorliheimen Fjellhotell tok imot oss i vakkert vinterskrud og ønska oss velkomne i kulden med varme smil, levande lys og varme frå peisen. Mellom 35 og 40 deltakarar møtte opp i starten av veka, og fleire kom til etter kvart. Folk kom frå nord og sør, aust og vest. Tema for bibelveka var “Framtid og Håp,” og forkynninga gav oss verkeleg tru på at vi som Guds folk har både framtid og håp.

Det var flott vinterlandskap og alle fant igjen bilene sine da uka var slutt

Dei tre bibeltimehaldarane, Dan Hessellund, Kristian Fagerli og Johannes Kleppa, hadde bibeltimar både tirsdag, onsdag og torsdag. Dan tok utgangspunkt i Salmane og peika på at Jesus er i Salmane og sa at dei handla om Han. Dan minna oss om at Guds ord skal talast og forkynnast med autoritet og oppfordra oss til å lære Guds ord utenat.

Kristian tala ut frå 1. Mosebok kap. 1, 2 og 3. Desse kapitla er utgangspunkt for alt Bibelen seier. Dei store grunnleggande spørsmåla blir tydelege her. Kven er Gud? Korleis er menneskesynet? Korleis forhalde oss til ulike spørsmål i dag? Satans taktikk var då som no å føre oss bort frå Ordet. Men Herren søkte Adam, og Herren søkjer i dag.

Kristian Fagerli

Johannes tala over Daniels bok og kristen identitet. Daniel og vennene  hans fekk opplæring i kongsgarden i Babylonia. Dei fekk dei høgste posisjonane i det hedenske samfunnet, men dei heldt fast på trua på Gud. Johannes oppfordra kristne i dag til å satse på utdanning og søke leiarfunksjonar i samfunnet. Daniel er eit føredøme for oss. “Våg å stå som Daniel!”

Det var kveldsmøte ved Gunnar Holth, Ståle Tønnesen og Hans Bergane. Dei minna oss om Guds løfter og Hans kjærleik til oss. Gunnar hadde også ansvar for ein sangkveld der han fortalde om bakgrunnen for fleire av songane i Sangboken. Hannah Høyland var ein framifrå forsongar, og forsamlinga song godt med. Hans Bergane og Lars Tolo leia oss trygt gjennom samlingane.

Bjorliheimen Fjellhotell ligg omkransa av vakker natur. Nokre hadde med ski og testa dei nypreparerte løypene. Andre gjekk på tur på dei mange turstiane i området. Kjøkkengjengen serverte nydeleg mat, og kaffi og kaker var tilgjengeleg gjennom heile dagen. Og ikkje minst var det godt å møte nye søsken i trua.

Bibelveka gav oss føde for ånd, sjel og lekam.

Takk for gode dagar i godt lag med Guds Ord i sentrum!

Kari Sissel

Vil du lese mer?

Mer

Mer av