Kall og hyrdeteneste

Nesten alltid når det er debatt om kvinner og lære- og hyrdeteneste, eller det vi kallar tenestedeling, kjem spørsmålet om kall på banen. Nokre kvinner som hevdar at alle tenester i den kristne forsamlinga er opne både for menn og kvinner, hevdar dei har kall til å vera pastor – eller kva nemning ein brukar for lære- og hyrdefunksjonen, og andre støttar opp om ei slik personleg kallsforståing. Det er ein problematisk argumentasjon, fordi ein i eit lærespørsmål med det argumenterer med ei personleg oppleving av saka. Det er også problematisk fordi det er vanskeleg å argumentera mot andre sine personlege erfaringar og opplevingar. Av denne grunn kan det vera nødvendig å seia noko om kallet til teneste i misjon og forsamling.

Det ein subjektivt opplever som kall, er strengt tatt ikkje noko argument i eit lærespørsmål, i alle fall ikkje i ein luthersk og reformatorisk samanheng. Her gjeld Skrifta åleine. Personlege erfaringar og opplevingar kan ikkje setjast over eller overstyra Guds ord. Dei bibelversa som talar om saka, må tolkast ut frå sin samanheng og etter sin ordlyd. Dersom tolkinga eller bodskapen skulle koma på kollisjonskurs med personlege opplevingar av saka, ligg problemet i opplevinga, ikkje i Skrifta. Dette gjeld for absolutt alt som har med Guds ord og personlege opplevingar eller erfaringar å gjera, og då også for det som gjeld tenestedeling og kall. Eit bibelsk kall vil alltid vera i samsvar med Bibelens ord.

Det er ein ekstra grunn i vår tid til å vera varsam på dette området, altså å argumentera med personlege erfaringar og opplevingar i eit lærespørsmål. Det har med spørsmålet om samliv og ekteskap å gjera. Dei som går inn for homofilt samliv og likekjønna «ekteskap», argumenterer i svært stor grad med folk sine erfaringar og opplevingar. Det overstyrer Bibelens ordlyd. Mange som argumenterer ut frå kallet med tanke på pastorteneste, vil vera sterkt mot homofilt samliv og likekjønna «ekteskap», og dei vil heller ikkje sjå noko samanheng her. Like fullt bør ein vera merksam på det prinsipielle i argumentasjonsmåten, slik at ein ikkje kjem i skade for å leggja til rette for noko ein er imot.

Det med eit personleg kall til teneste er viktig – og vi må alltid ta eit kall på alvor. Samstundes er det ikkje slik at det ein personleg meiner seg å ha kall til, gir ei form for «rett» til bestemte oppgåver. Ut frå ei personleg oppleving av kall, kan ein ikkje «krevja» visse stillingar i den kristne forsamlinga. Det vi omtaler som eit personleg eller indre kall, gir vilje til å gå inn i oppgåver ein vert kalla til, altså får eit ytre kall til. Kall gir frimod, og der det indre og ytre kallet samsvarar – og begge samsvarar med Guds ord – kan vi få tru at det ligg nådegåver og åndsutrusting i kallet.

Ingen kan påberopa seg eit kall, og med det gjera krav på eller be om spesielle stillinga, verv eller oppgåver i kristen samanheng. Dette gjeld om ein er teologisk konservativ eller liberal, om ein er kvinne eller mann, om ein er ung eller gamal. Du kan leita det du vil i Bibelen, og du finn ikkje nokon som gjer krav på stillingar eller funksjonar i den kristne forsamlinga – bortsett frå Paulus med tanke på det spesielle aposteloppdraget. Folk vert kalla til teneste og dei vert sett inn i oppgåver, og det vert sagt at alle skal tena med den nådegåva ein har fått. Vi skal vera audmjuke med tanke på kall og teneste.

Ei anna sak som gjer spørsmålet om kall vanskeleg i denne samanhengen, er at ein blandar saman forkynning av Guds ord generelt med lære- og hyrdetenesta. Då framstår det som at kvinner vert hindra i å forkynna Guds ord eller på anna vis opptre på talarstolen. Slik har ikkje tenestedelinga tradisjonelt vorte forstått. Kvinner som evangelistar, i forkynnaroppgåver for ulike grupper og ulike former for vitneteneste har vore rekna å vera i samsvar med tenestedelinga, fordi det går på ulike nådegåver. Det er ikkje slik at lære- og hyrdetenesta omfattar all Ordets teneste. Rett nok er det somme som meiner at i all forkynning er det eit læreelement, slik at kvinner ikkje skal forkynna i det heile. Det ville i så fall hindra kvinner i all vitneteneste, fordi det i all formidling av Guds ord ligg lære. Det ville samstundes også hindre alle menn i det same, om dei ikkje har nådegåve til lære- og hyrdeteneste.

Med tanke på læretenesta er det dessutan slik at denne ber i seg eit spesielt ansvar, som eg har inntrykk av at korkje menn eller kvinner tek fullt på alvor når ein traktar etter slik teneste. Jakob skriv: «Mine brør! Ikkje mange av dykk må verta lærarar! For de veit at vi skal få så mykje strengare dom.» (Jak 3,1) Det er stort ansvar å påta seg lære- og hyrdeteneste, og det er stort ansvar å kalla folk til slik teneste. For den som skal inn i denne tenesta, er det difor viktig at ein har eit kall frå den kristne forsamlinga, kombinert med ei personleg overtyding.

Ofte vil kall til teneste med Guds ord, same kva type oppgåver det dreier seg om, koma frå den kristne forsamlinga. Dersom ein kjenner på eit slik kall, kan ein ta kontakt med kristne leiarar slik kallet kan vert prøvd, og slik at ein kan få hjelp til å forstå kallet sitt rett.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av