Likestilling og kvinnelege eldste

Til tider verkar det som at debatten om kvinnelege prestar eller kvinner i lære- og eldsteteneste er over. Slik kan det i alle fall verka i Den norske kyrkja, og det stemmer nok i all hovudsak. Det kan verka som at det same gjeld i dei fleste frikyrkelege samanhengane, særleg i ikkje-lutherske samanhengar. Det store unnataket er den katolske og den ortodokse kyrkja. Med tanke på lekmannsorganisasjonane som er knytte til bedehuset, varierer det ein god del.

Når det til tider reiser seg røyster mot kvinnelege pastorar, er det straks nokre som er på banen og beklager det, fordi det burde vera eit tilbakelagt stadium. Det at debatten rett som det er, dukkar opp på nytt, der ein trudde han var over, er fordi Bibelen talar som han gjer. Bibelen er Guds ord, og det talar likt til alle tider, og det talar med den same overtydingsmakta no som før. Då vil det alltid vera nokre som vert forplikta av Bibelens tale, og at det er menn som skal ha lære- og hyrdefunksjonen, og då menn med nådegåver og åndsutrustning til det.

Det interessante er at det ofte er unge kristne som står fram og seier nei til kvinnelege pastorar, og det verkar til å vera til frustrasjon for mange i den godt vaksne garden, men kanskje ikkje hjå det heilt eldre generasjonen. For meg er det til oppmuntring at unge står fram med slik overtyding. Det kan gjera at det veks fram ein kristen generasjon som tek Guds ord og læra på større alvor enn mange i dag gjer, og som er villig til å utøva den nødvendige lære- og hyrdetenesta – også når det er upopulært og krevjande.

Det er dessutan ein del kvinner som står fram med same overtydinga, og nokre av desse er godt teologisk skolerte. I Dagen var det nett ein reportasje frå Finland, der det vart omtalt ein organisasjon for kvinnelege teologar som engasjerte seg for tenestedeling og mot feminismen. Det er eit interessant aspekt i debatten. Dei meiner den bibelske likestillinga går saman med at kvinner og menn er skapte ulike, og der tenestedeling mellom mann og kvinne i den kristne forsamlinga går inn i dette.

Ei anna side ved debatten om tenestedeling er at det gjerne vert framhalde som eit teologiske prinsipp som ein må halda fast med, men der det i praksis får lite å seia. Det vert lett at ein tillegg stadig færre stillingar og verv i det kristne arbeidet lære- og hyrdeansvar, slik at kvinner kan gå inn i dei, og med det vert heller ikkje lære- og hyrdetenesta utøvd i desse samanhengane – anten det er menn eller kvinner som har stillingane og funksjonane. Organiseringa av arbeide vert også lett slik at lære- og hyrdetenesta vert lagt til eit tilsynsråd som i lita grad lever med i arbeidet, men meir vert eit tilkallingsorgan ved særskilde behov.

Det er altså oppmuntrande at det midt i den utbreide aksepten for kvinner i alle funksjonar, er nokre – både unge og kvinner – som står opp for at det er ei tenestedeling mellom mann og kvinne som ikkje motseier likestilling og likeverd ut frå skapinga og frelsa, og som med det held fast på at lære- og hyrdefunksjonen skal utøvast av menn. Det er å vona at dette også i praksis fører med seg at lære- og hyrdetenesta i større grad faktisk vert utøvd.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av