Abort og valdtekt – etikk og politikk

Det har vorte ein voldsom debatt etter at den nye KrFU-leiaren Ingrid Olina Hovland i ein podkast på eit direkte og uførebudd spørsmål svarte at ho etter graviditet ved valdtekt, ville ha bore barnet fram – ho håpa i alle fall at ho ville ha gjort det. Det vona ho også andre ville ha gjort. Hovedargumentet var at fosteret er eit fullverdig menneske sjølv om handlinga som førte til graviditet var feil og umoralsk. Menneskeverdet er frå unnfanginga, og er det same uavhengig av korleis barnet har vorte til. Barnet har då livsrett, og det skal ikkje straffast med døden for ein annan si ugjerning.

Hovland har fått voldsom kritikk, men ho har også fått overraskande mykje støtte – ikkje minst frå andre unge, kristne jenter. Det synest som det bibeltru kristenfolk i stor grad støttar henne, og har omslutta henne med omsorg og forbønn. Det er godt og oppløftande. Eg synest det er imponerande korleis ein 20-årig og politiske fersk leiar her har stått fram i møte med durkdrivne journalistar og er erfaren politikarar.

I ein debatt som dette er det mange element som går inn i kvarandre, både av etisk og politisk karakter og kjensler opp mot kva som er rett og gale. Det er vanskeleg å drøfta sakleg eit etisk spørsmål med utgangspunkt i ei så dramatisk og moralsk forkasteleg handling som valdtekt. Ved å framheva fosteret framfor valdtektshandlinga, kan det tolkast som at ein ikkje tek den ugjerninga som valdtekt er, på alvor, og med det heller ikkje kvinna sine påførte problem. Ved å leggja hovudvekta på valdtekta kan ein koma i skade for å underslå at fosteret er fullverdig og har absolutt menneskeverd og livsrett.

Med tanke på graviditet ved valdtekt og kor mange som tek abort av den grunn, samanlikna med kor mange som tek abort av andre grunnar, er abort etter valdtekt ei svært lite tal. Det er likevel ei stor sak for dei det gjeld. I det totale aborttalet, er det like fullt uttrykk for unnatak, og det fører ofte galt av stad å diskutera ut frå unnataka framfor ut frå hovudtendensen. Det store problemet i norsk lovgjeving og praksis når det gjeld abortspørsmålet, ligg heilt andre stader enn ved graviditet etter valdtekt. Fokuset bør vera der hovudproblemet er, og det er at fosteret ikkje vert rekna som eit fullverdig mennesket. Den aller største delen av abortar skjer ikkje ut frå ekstremt vanskelege situasjonar for kvinna, men ut frå at det av ulike grunnar ikkje passar å vera gravid og få barn. Det er her, som på så mange andre område, materialismen som er hovudproblemet.

Frå ei anna side sett, kan nett ekstremsituasjonar vera eigna for å få fram prinsipielt avgjerande vurderinger og argument. Når saker vert sette på spissen, vert dei ofte ekstra tydelege. Slik er det i denne saka, og eg synest Hovland har klart det på ein svært god måte. Det dreier seg om synet på fosteret, og om det har menneskeverd frå unnfanginga av. Det dreier seg også om livsretten til eit uskuldig barn, og korleis ein skal vega denne opp mot den belastninga andre må ta. Det vil jo vera ei belastning for ei valdteken kvinne å bera fram barnet, men alternativet er å ta livet av fosteret. No viser det seg at mange kvinner som har bore fram barnet etter valdtekt, er glade for at dei har gjort det, og barnet har fått eit godt liv. Fleire som har teke abort, har angra på det og hatt problem etterpå. Desse to reaksjonane er naturlege ut frå kristen tenking om fosteret, og kva som er rett med tanke på menneskeverd og livsrett.

Det etiske momentet i dette forsterkar seg når ein skal føra det over i politikken. Kristent sett kan det ikkje vera tvil om at også politisk og for lovgjevinga må fosteret sitt menneskeverd og sin livsrett liggja til grunn. Dersom ein i det heile skal ha ein abortlov, må det vera ei lov som vernar om fosteret ut frå livsretten og menneskeverdet. Det etiske dilemmaet oppstår når mora sitt liv står mot fosteret sitt liv, som det i nokre sjeldne tilfelle gjer. Graviditet ved valdtekt og incest er også dilemmasituasjonar, men av ein annan karakter, fordi då står ei umoralsk handling mot livet.

Lovgjevinga høyrer det verdslege regimentet til, og der må ei føreta ulike avvegingar av etisk karakter. I abortspørsmålet er det i dagens situasjon dessutan spørsmål om kva det er mogleg å få politisk fleirtal for, og då kan ein enda opp i det minste onde. Det skal eg ikkje gå inn på her, og det har heller ikkje KrFU-leiaren gått djupt inn på ho. Ho har vore oppteken med kva som er etisk rett med tanke på fosteret, og ellers berre vist til det KrFU og KrF står for i abortspørsmålet. Det etisk rette må liggja fast, og det må vera rettesnor også i livet og i politikken.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av