«Unnskyld til skeive»

Det var overskrifta på ein tale som preses i Den norske kyrkja (Dnk) heldt på London Pub i Oslo 16. oktober 2025. Målgruppa og i stor grad tilhøyrarane var det som vert kalla «skeive», som faktisk er det ordet dei brukar om seg sjølve. Det er mykje som kan seiast om denne talen og denne unnskyldninga, som vart gitt på ein kjent samlingsstad for skeive. Staden vert omtalt som «symboltung», og med det skulle også unnskyldninga få ekstra tryngde.

Det første vi kan merka oss, er at preses brukar ordet «skeive» utan noko som helst definering, avgrensing eller presisering. Med det kan folk med kva som helst seksuell orientering og utfalding definera seg inn under den gruppa Dnk sa unnskyld til. Også ord som LHBT+-identitet, regnebogeflagget, regnbogegudstenester og Pride-paradar vart brukte totalt aksepterande og inkluderande. Det er med andre ord absolutt null normativitet med tanke på seksualnormal og seksuell praksis i talen. Det er ingen seksuelle grenser, men grenselaus unnskyldning.

Det som er enda verre, er at unnskyldninga heller ikkje har ei grense med tanke klassisk kristen forståing av ekteskap og samliv. Preses unnskyldar på vegner av Dnk den læra om ekteskapet som er nedfelt i Bibelen og den lutherske vedkjenninga, den læra som ei universell kyrkje har stått for gjennom heile kyrkjehistoria – og i all hovudsak står for også i dag, og som ein god del av Dnk sin prestar og medlemmar står for. Unnskyldninga utdefinerer med det klassisk og allmennkristeleg lære om samliv og ekteskap, og utdefinerer med det også store delar av kyrkja sine medlemmar og tenarar.

Blant dei mange punkta om viser til negative fylgjer for skeive i Dnk, og som ein med det seier unnskyld for, er: «Lenge nekta kyrkja å gje forbønn for likekjønna par og å vie dei til ektefolk i kyrkja.» Det er jo reine ord for pengane, men det rammar samstundes med styrke dei som framleis ikkje vil gjera dette. Dei påfører altså skeive skade. Som ein kort kommentar til at Kyrkjemøtet i 2016 vedtok at likekjønna par kunne gifta seg i kyrkja, seiest det: «Og godt var det!» – endatil med utropsteikn. Då må vel den naturleg slutninga av det med tanke på dei som enda seier nei til slik vigsle: «Og gale og skadeleg er det!»

Det vert også vist til at skeive har kjent på skam, som «resultat av ei rådande forteljing av kva kjærleik som er riktig eller feil». Den kjærleiken det då vises til, må vera den som seiar at den kjærleiken som ber i seg seksuell utfalding høyrer til i ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne. Det er det som har vore den «rådande forteljinga» kva kjærleik som er «riktig eller feil», fordi det er denne kjærleiken som spring fram av Guds ord, og som dannar basis for ekteskapleg samliv.

Preses hadde ei lang rekkje av døme på ting som hadde hatt negative fylgjer for skeive, men han hadde også ei lang takkeliste for slikt som var gjort for at utviklinga vart slik, at denne unnskyldninga kunne koma. Han takka mellom anna alle som hadde heist regnbogeflagget, for felleskap på regnbogegudstenester og for at Dnk hadde fått rom i Pride-paradar. Han takka med andre ord for alt som har ført lære og praksis som er i strid med openberringa i Bibelen, inn i kyrkja. Han takka med det for slikt som skaper store problem i Dnk for prestar og andre som framleis står for bibelsk forplikta lære om ekteskap og samliv.

Den unnskyldninga som preses framførte, kan ikkje vera noko anna enn eit steg på vegen for at det berre er eitt akseptabelt syn på homofilt samliv og ekteskap i Dnk. Syn, haldningar og praksisar som biskopane må be om unnskyldning for, kan umogleg ha livsrett i Dnk. Det klassiske og bibelske synet  på ekteskap og samliv er i praksis utdefinert med den unnskyldninga som er gitt, og det viser seg stadig tydelegare at det som vart sagt om «to likeverdige syn», var ein illusjon og ein ufarbar veg, og er snart ein saga blått. 

Johannes Kleppa

foto: iStock

Vil du lese mer?

Mer

Mer av