Fredsavtale med Hamas?

Alle menneske av god vilje må ønskja fred i Midtausten, men det må vera ein rettferdig fred. Det må gleda alle sine hjarto om dei israelske gisla i Gaza vert sette fri, og om det vert slutt på liding og død i Gaza og i regionen ellers. Slik sett er det lett å gleda seg over rapportane om våpenkvile og fredsavtale som vi no får for Israel og Gaza. Kommentarane går då også samrøystes i den leia, der endatil Donald Trump får ros.

Midt oppi denne gleda sit ein av fleire grunnar med undring og uro. Det ein er det nærast: Vert det verkeleg effektiv våpenkvile og endeleg fred? Held avtalane ein inngår, eller vert det brot på våpenkvila og fredsavtalen? Då tenkjer eg på kort sikt.

På lengre sikt er utfordringane formidable. Det viser historia som ligg bak, og då særleg den religiøse og ideologiske tenkinga som har skapt historia. Så lenge dei grunnleggjande drivkreftene på begge sider, for ikkje å seia alle sider – og særleg hjå Hamas, er dei same som før, er det vanskeleg – for ikkje å seia umogleg – å sjå føre seg varig fred. Det er ikkje for ingen ting at Bibelen omtalar Jerusalem som tumleskål og løftestein (Sak. 12). Slik har det vore og slik vil det vera inntil Herren grip inn med løysinga si. Jerusalem og Israel, og med det heile Midtausten, har ein for sentral plass i Guds plan til at djevelen skal la dette området i fred.

Hamas er definert som ein terrororganisasjon, og særleg USA har vore tydeleg på det. Det er svært underleg at ein terrororganisasjon skal vera part i ein fredsavtale – ja, faktisk den eine av to hovudpartar. Det er jo prinsipielt umogleg at ein organisasjon som har terror som sitt grunnelement, inngår fred. Då legg ein i så fall seg sjølv ned. Det synest ikkje Hamas å ha tankar om, og heller ikkje verdssamfunnet, og aller minst den norske regjeringa.

Den einaste måten det kan verta fred der Hamas er, er at organisasjonen vert totalt avvæpna eller på anna måte totalt kontrollert med militærmakt. Ein terrororganisasjon som Hamas kjenner berre militær makt. Det har Israel forstått for lenge sidan, og det synest også som at USA med Trump i spissen har forstått det. Det verkar også som at det er ei viss vakning for dette i verdssamfunnet.

Dette inneber altså at anten må Hamas militært nedkjempast eller så må Hamas pressast til avvæpning. Det første har Israel no prøvd gjennm to år med massiv krig, men det viser seg å vera svært vanskeleg, sjølv om den israelske hæren langt på veg har klart det. No prøver ein den andre vegen gjennom massivt internasjonalt presse. Det kan lukkast på kort sikt, og det vil vera bra, men det er vanskeleg å sjå at det vil lukkast på lang sikt, og det er den store utfordringa.

Det grunnleggande problemet er at Hamas byggjer på ein religion og ein ideologi som seier at jødefolket og staten Israel skal utslettast. Dessutan må landområdet som utgjer Israel, inn under islamsk kontroll, fordi islam har hatt kontrollen der før. Denne islamittiske ideologien opphøyrer ikkje om Hamas misser sine våpen. Den opphøyrer heller ikkje om Hamas som terrororganisasjon opphøyrer. Ideologien lever sitt eige liv, og dukkar opp i praktisk politikk, terror og krig på ein eller annan måte – innafor eller utafor Hamas. Dette synest det ikkje som dagens politikarar generelt har forstått, og aller minst norske politikarar og den norske regjeringa.

Det er berre ein måte å halda denne ideologien i sjakk på, og det er reint fysisk, altså med sterk militærmakt. Ein fred som ikkje tek høgde for dette, er illusorisk og å kasta blår i augo på folk. Israel må i det minste forstå det og handla ut frå det, om landet skal overleva som stat, som ein nasjonalheim for det jødiske folket.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av