Den norske kyrkja (Dnk) har fått enda ein ny biskop, og av same teologisk profil som dei førre som er er utnemnde. Slik sett er det liten grunn til å skriva om saka, samstundes gir dette nettopp grunn til å skriva. Ellers er det slik at biskopane etter kvart er så lite profilerte at ein veit knapt kven dei er, sjølv om ein prøver å halda seg oppdatert. Det meste skjer via preses eller via uttalar frå biskopane samla. Det er sjeldan å sjå noko teologisk markant frå nokon av dei. I den grad dei uttalar seg, er det sort sett i samsvar med det rådande i tida, altså tidsånda, både når det gjeld tema og standpunkt.
Det har vore ein del debatt om utnemninga av den siste biskopen, både fordi det var ein relativt konservativ kandidat på lista, og fordi teologisk konservative i Kyrkjerådet røysta på den mest liberale. Det kan vera grunn til å drøfta det som faktisk skjedde ved utnemninga av biskop, og måten det vart stemt på, men det er ikkje saka her.
Det har vore ei rask og konsekvent negativ utviklinga i Dnk over mange år, men særleg dei siste 25 åra. Det har gjort seg gjeldane på mange og ulike område, men mest tydeleg på det samlivsetiske området. Den utviklinga som har vore der, har samstundes vore undergravande for forkynninga generelt. Når noko som Bibelen omtalar som synd, ikkje lenger vert forstått slik, er det vanskeleg å forkynna lovens ord om synd. Over tid vert det umogleg. Dette får alvorlege konsekvensar for frelsesspørsmålet.
Når det vert lagt til rette for at kyrkja kan ha «to syn» i spørsmål der det er openbert at Bibelen opererer med eitt syn, vert det vanskeleg å forkynna at Bibelen talar om at noko er sant og rett, medan det motsette er løgn og galt. Over tid vil det gjera det umogleg å forkynna at Bibelens lære er ei. Det endar i pluralisme og relativisme, eller i det som vi i dag kallar for postmodernisme. Her er det slik at kvar kan ha si eiga sanning, men ikkje noko kan framstillast som forpliktande sanning for alle. Det er personlege kjensler og erfaringar som er avgjerande.
I den teologiske tenkinga og den åndsatmosfæren som slik vert skapt, vert forkynning av lov og evangelium generelt sett under press. Prinsipielt vert det umogleg, fordi både lov og evangelium seier seg å vera like sant og aktuelt for alle, til alle tider og i alle kulturar.
For kvar bispeutnemning vi har fått dei seinare åra, har denne situasjonen vorte stadig meir sementert. Det gjer kyrkjesituasjonen svært alvorleg, langt ut over det som gjeld dei aktuelle etiske spørsmåla om kjønn, samliv og ekteskap. Det synest som at dette ut frå kyrkjeleiinga er vilja, ved at dei er heilt konsekvente i utnemning av teologisk svært liberale biskopar. Det gjer også rommet for teologiske konservative prestar stadig trongar, og om kort tid er det truleg ikkje rom for dei i det heile. Dersom bibelforplikta prestar byrjar å gå på kompromiss med overtydinga si for å kunna verta i Dnk, vil det gå skikkeleg galt.
Kyrkjerådsleiaren meiner faktisk at det klassiske ekteskapssynet, altså det som ei samla kristen kyrkje har stått for i 2000 år, og som store delar av denne framleis står for, er skadeleg. Det å vera prest med ei skadeleg syn på eit så sentralt område, kan ikkje vera lett – og over litt tid vert det umogleg. Når ein tek i bruk ord som er uttrykk for ein verdidom og med det ei etisk vurdering, legg ein stort press på dei som står for det, særleg når det kjem frå leiarskapet og majoritetssynet.
Den åndelege og teologiske situasjonen i Dnk er fortvilt og dramatisk. For kvar bispeutnemning vert det berre verre, ved stadig sterkare sementering av åndssituasjonen og liberalteologien.
Johannes Kleppa

