Eg skriv på nytt Ettertanke frå Centro Sarepta. Den veka som no ebbar ut, har vore litt spesiell. Vi har hatt besøk av ein kristen friskule og parallelt med det har vi hatt fjellturleir. Dette har gjort at alle romma på senteret har vore i bruk. Som vanleg har skular som er her, i stor grad sitt eige opplegg. Inn i dette går ofte eit besøk til ein diakonal organisasjon som vi hjelper litt. Denne gongen har dessutan elevane delteke på morgonsamlingane og på to bibeltimar, og dei har fått litt undervisning om Spania og den kristne situasjonen i landet. Alt dette er svært positivt.
Sidan vi har leir, har vi hatt ein bibeltime om morgonen og møte om kvelden. Det har ikkje vore mange leirdeltakarar, men vi har hatt fine fjellturar. På fleire av møta har det kome ein del gjester utafrå. Tema har vore Daniels bok og bønn. Det er fleire sider ved Daniel sitt liv som også er aktuelt for ungdommar.
Daniels bok er svært dagsaktuell på fleire måtar. Det gjeld på ein særleg måte det denne boka lærer oss om å leva eit integrert kristenliv i ein ikkje-kristen kultur. I dette er måten Daniel og vennene hans opptrer på, svært aktuell og lærerik. Daniel sette seg føre i hjarta sitt at han ikkje skulle gjera seg urein i den ikkje-jødiske kulturen han no var komen inn i.
I all opplæringa han fekk i kongsgarden, som var det dåverande fremste universitetet, gjorde han opp med seg sjølv at han ikkje skulle delta i avgudsdyrking av noko slag. Han skulle vera tru mot Israels Gud, kosta kva det kosta ville. Dette gjorde han til ein mann med integritet og identitet som førte til at han fekk stor respekt og innverknad i samfunnet. Det same gjaldt Daniel sine venner. Dette er til inspirasjon, føredøme og lærdom for oss.
Det som i denne situasjonen vart svært tydeleg, var at Gud var i stand til å ta seg av og føra sine tenarar gjennom alt som møtte dei, inkludert eldomn og løvehole. Slik er Gud til alle tider. Vi kan difor basera oss på ei gudstru som set Gud først, ei tru som i gudsfrykt gjev seg over til Gud i alle ting og let hans vilje vera styrande.
Som Gud viste seg å ha kontrollen i Daniel og vennene hans sine liv, har Gud det også med tanke på kongar og i dei storpolitiske samanhengane. Det viser Daniels bok tydeleg, både med det som skjer med dei regjerande kongane, og det som gjeld utviklinga av historia. Gud brukar heidenske kongar i si teneste. Det gjorde han både ved Israels bortføring til Babylon og ved Israels heimvendig til Jerusalem. Han gjorde det også klart at det er han som både set inn og sett av kongar. Den same kontrollen har Gud i dag. Han er historia sin Herre, og han er kongars Konge.
Det at Gud har kontrollen, viser seg kanskje særleg ved at han gjennom Daniel føreskriv historia. Ved at det gjennom draumar vert gjort klart kva verdsrike som skal koma og gå frå Daniel si tid og fram til Jesu tid, vert det tydeleg at Gud styrer historia. På profetisk vis vert historia skriva på førehand. Samstundes peikar denne historieskrivinga fram mot endetida, det antikristlege riket, Jesu atterkome og siger, og at Guds rike skal sigra og verta ståande til evig tid.
Johannes Kleppa

