Møtereis ut i havgapet

,

Det er omlag eitt år sidan vår fyrste «Sarepta»-tur til Sunnfjord, nærare bestemt  Olset bedehus og Værlandet bedehuskapell i Askvoll. 

15. september køyrde me av stad i fint og varmt haustver  og kom fram til Olset i god tid før møtet kl 19.  Liv var også ute i god tid, i år som i fjor. Den største forskjellen på forsamlinga var vel at me alle hadde vorte eitt år eldre. Ikkje så mange, men trufaste og glade for å møtast om Ordet. Nokre hadde fått heimlov, andre hadde sjukdom som hindra dei, men dei fleste kom i år og, nokre var nye for oss. Pianisten var den same, 94 år var inga hindring. OG yngstemann var 9 månader! – Dette gjaldt begge kveldane på Olset.. 

Ein spontantrio på Olset

Så for me til Værlandet. Der var møtetida 17.30. To blide damer var på plass når me kom med ferja ca 16.30, i år som i fjor. Me måtte jo få litt kaffi og bollar, og ein liten prat om møta, før resten kom.  Elin og Gunn er primusmotor der, i alle fall når me er der. Også her var det mange av dei som var i fjor, vil tru at dei fleste var i 70-åra der ute også, ein liten trufast flokk samlas om Ordet begge kveldane.

Kveldsstemning utover mot Bulandet

Fredag 19.sept.kom me til Brekke i Gulen. Også her var ein liten , men viktig flokk samla for å høyre Guds Ord.

Ånd frå himlen kom med nåde, kom med lys og liv her ned..,»  song me,( ja fleire songar og), og Audun tala Guds ord til vekking og ransaking.  Eg, Signe, hadde litt orientering om Misjon Sarepta, folket var interesserte i arbeidet som vert drive, både her i norden og i Spania. Bjorliheimen Hotell vart og nemnt, og stykket i Sareptanytt om dette anbefalt.

Kva var felles for desse stadane, og for fleire av plassane me har vore innom før og no?:

Dei var få, og dei fleste var godt oppi åra, og dei ville samlas om Ordet. 
Men det som og var godt var at dei hadde eit barnearbeid  rundt i bygdane. 
Og dei vil eta kvelds i lag med oss etter møta, og snakke om arbeidet og stoda lokalt.

Front i storsalen i Brekke bedehus

Signe

Vil du lese mer?

Mer av