Verkekraftige ord i politikken

Årets val gav eit nokså uvanleg resultat med tanke på samansetjing av parti på Stortinget, og konstellasjonar som må til for å skapa fleirtal i ulike saker. Det kan danna grunnlag for litt andre arbeidsmåtar og markeringsmåtar enn ellers. Det talte ords makt kan koma sterkare til sin rett enn slik det normalt er. Då gjeld det å ha tru på ordets makt og ordets verkekraft, også i det politiske og samfunnsmessige. Det gjeld å ha frimot til å tala tydeleg om det som er sant og rett, anten det gjev direkte politiske resultat der og då, eller ikkje.

Når vi her snakkar om ordets makt, er det altså på skaparplanet og ordet med liten o. På frelsesplanet snakkar vi om Ordet, som er Kristus, som har skaparmakt til frelse, altså er eit nådemiddel. Sjølv om det er stor forskjell på ordet og Ordet, skal vi ikkje undervurdera det talte ordet i politisk og samfunnsmessig samanheng. For 20 år sidan kom det ut ei stor bok med tittelen «Virksomme ord. Politiske taler 1814-2005». Det var talar som hadde betydd noko, og som hadde skapt endringar i haldningar og handlingar.

Det var ord som hadde vore verksame, altså ikkje fordi dei gav fleirtal i ei eller anna sak på Stortinget, men kort og godt fordi dei vart uttalte. Talar hadde hatt verknad i folket, ikkje minst nokre av Kongen sin talar. Det er ikkje berre stemmegjeving og fleirtal som gjev makt, med også det talte ordet. Det bør folk som står for klare verdistandpunkt på Stortinget vera klar over og gjera seg nytte av. I dagens parlamentariske situasjon har ein ekstra godt høve til det.

På Stortinget er det no to store parti på kvar side av aksen høgre og venstre, og eitt mellomstort parti. Det spesielle er at det er seks parti frå 3,7 til 5,6 prosent, altså innafor ein skilnad på knapt to prosent. Særleg desse partia har no eit sært godt høve til å fremja og argumentera for sin hjartesaker og primærstandpunkt. Det bør i særleg grad Kristeleg Folkeparti nytta seg av. Svært ofte vil saker verta avgjorde utan at fleire av desse partia har innverknad. Andre gonger vil dei ha stor innverknad ved å vera det partiet som vippar ei sak. Uansett vil dei ha godt høve til å markera seg.

Mykje av det som skjer på Stortinget, er av allmenn og politisk karakter, men ein god del er også av verdimessig valør – og i siste instans er det nokså mange saker som spring fram av bestemte verdistandpunkt. Kristent sett vil verdispørsmål vera spørsmål som går tilbake til Gud som Skaparen og Guds gode skaparvilje. Det er altså uttrykk etiske spørsmål og korleis vi forstår tilværet. Då har det også med skule og oppseding å gjera.

Denne typen spørsmål gjeld ein god del av lovgjevinga og det gjeld forvalting av midlar. Det siste gjeld kva ein prioriterer i samfunnet, og ofte har det med livssyn, etikk og verdiar å gjera. Lovgjevinga gjeld mange praktiske spørsmål, men det gjeld også oppseding og sosial omsorg, men særleg det som gjeld livet og menneskeverdet.

I verdispørsmål, som kristent sett har sin basis i den openberringa Gud har gjeve oss i Guds ord, Bibelen, er det viktig at vi alltid reknar desse som gode for alle menneske, og at vi aldri reknar dei som tapte i samfunnet. Politisk sett kan dei vera tapte ut frå det fleirtalet på Stortinget står for, men Guds vilje er aldri tapt. Gud skal sigra til slutt i alt, og hans vilje vil stå seg gjennom alle tider.

Ut frå den parlamentariske situasjonen vi no har, må kristne og andre som ser at kristne verdiar er gode, vera frimodige og nytta høvet til å fremja kristen tenking både i Stortinget og i media. Vi er for tida inne i ein åndssituasjon der det også synest å vera opning for dette i det offentlege rommet.

Den aller vitigaste saka gjeld livsretten og nei til drap på barnet i mors mange, og alt som fylgjer av dette med tanke på biologiteknologi og andre som spørsmål som har med livsrett og menneskeverd å gjera. Det andre store spørsmålet er kristen tenking om ekteskap, samliv og kjønn, og med det nei til den nedbrytande ideologien som Pride og Fri står for. Dette er også avgjerande viktig for skule og oppseding, og med det vert dei kristne friskulane på alle nivå og av alle typar svært viktige. Omsorg for gamle, sjuke og lidande er også sentralt, og med det nei til aktiv dødshjelp, same kva form denne kjem i.

Det er eit etisk spørsmål som vi lettar hoppar over – fordi det er så nærgåande, men som det bør fokuserast sterkt på. Det gjeld materialismen og kjærleiken til pengar. Det er ei øydeleggjande makt både på det personlege planet for samfunnet. Det er viktig med ei forvalting som kjem dei til gode som treng det mest. Det vil oftast også vera best for naturen og klimaet.

Desse linene er altså ei oppfordring og oppmuntring til å tala tydeleg i dei spørsmåla som er aller viktigast i livet og etter Guds ord, og at det vert gjort uavhengig av om ein får politisk gjennomslag eller ikkje. Det er viktig å hugsa at det talte ordet er verkekraftig ord. Då må det gode, sanne og rette vert talt ofte og sterkt, og det vil gje resultat.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av