Eg har nett avslutta enda ein periode på Centro Sarepta, der Inge Sirevåg underviste frå Nehemja. Det var første gongen Inge var der, men truleg ikkje den siste. Han har reist som forkynnar i NLM praktisk talt heile livet, saman med å vera tømrar. No er han pensjonist, og med det meir fleksibel. Det er viktig at nådegåvene er i funksjon, anten ein er i lønna arbeid eller ein er pensjonist.
Underteikna underviste i Urhistoria, som er dei elleve første kapitla i Bibelen. Dette er i kortfatta form historia om skapinga, syndefallet, utviklinga fram til Noah, syndeflaumen, bygginga av Babels torn og fram til utvelinga av Abraham. Det er altså heile verdshistoria for alle folkeslag i omtrent 2000 år. Maken til historie og historieforteljing finn ein ikkje! Eg vil her berre løfta fram nokre få moment frå det som vart undervist på Centro Sarepta om dette, og som det var tydeleg at folk syntest var aktuelt og sette pris på.
I Bibelens først vers møter vi Gud ved at han stig fram som skapar. Han har alltid vore der, og ved han vart universet med mennesket til. Alt det Gud skapte, definerte han som overlag godt, og han presiserte at han skapte mennesket, mann og kvinne, i sitt bilete. Med det må alle menneske førehalda seg til Gud, både fordi han var først og fordi han skapet mennesket i sitt bilete. Dette innebar at i starten hadde mennesket eit direkte og personleg forhold til Gud i Edens hage, der Gud og mennesket var i lag. Slik vil det vera på den nye jorda også.
Ved syndefallet kom mennesket bort frå Gud, men mennesket sitt utgangspunkt vart ikkje endra. Difor er mennesket religiøst etter sin natur, og søkjer noko utafor seg sjølv. Det er den reelle situasjonen i alle kulturar til alle tider. Ateisme er eit svært marginalt fenomen, fordi det er naturstridig ut frå skapinga. Ateismen har difor ikkje berekraft i seg.
Problemet var og er at ved syndefallet vart mennesket sin tanke og si erkjenning formørka, slik at ein ikkje av seg sjølv er i stand til å søkja den sanne Gud. Mennesket søkjer av seg sjølv alltid ein avgud. Difor treng mennesket forkynning av Ordet, slik at ein får openberring av Gud, seg sjølv, frelsa i Kristus og det evige livet.
Vi kan nok sjå ulikt på ein del i skapingsforteljinga og i syndefallsforteljinga. For min del forstår eg det nokså konkret etter sin ordlyd, og eg trur skapinga skjedde på seks dagar a 24 timar, med ein påfylgjande kvile-, helge- og velsigningsdag som er utan ende. Tilsvarande trur eg at syndefallet skjedde ved Adam og Eva som dei to første menneska, og med konsekvensar for alle menneske, fordi alle er at eitt blod eller av ein sæd.
For at vi skal forstå historia, mennesket, vondskapen og frelsa rette, er det avgjerande viktig at vi held fast på det historiske og reelle i det urhistoria fortel. Det er altså Gud som startar historia ved at han skaper himmel og jord. Han ordna også med tida ved at han sette sol og måne på himmelen. Ut frå det styrer Gud historia, og er historia sin Herre, og han har eit mål med det heile i ein ny himmel og ei ny jord der rettferd bur. Dette er avgjerande i kristen historietenking.
Det er også avgjerande at vi held fast på at Adam og Eva vart skapte i ei eiga skaparakt som det første menneskeparet på jorda, og at alle menneska går tilbake til dei. Adam er stamfar for alle mennesket, og alt liv går tilbake Evas liv. Det er på same måten avgjerande at vi held fast på at syndefallet var eit historisk syndefall ved at dei to første menneska, og at det pregar alle som stammar frå Adam og Eva. Det dreier seg altså om ei menneskeslekt som går tilbake til skapinga av Adam og Eva og til deira fall i synd. Syndefallet førte død og fortaping med seg.
Grunnen til at det er så avgjerande viktig å halda fast på det historiske i skapinga og syndfallet, og at Adam og Eva er historiske personar som alle menneska stammar frå, er at det står i forhold til frelsesverket. Gud handlar gjennom ein stamfar som representerer oss alle. Den første var Adam og den andre er Kristus. Ved at menneskeslekta er ei, kan Gud frelsa denne ved ein person som går i denne slekta sin stad (Rom 5. 12ff). Som skapinga og syndefallet er historiske eingongshendingar, er frelsesverk også det.
Når urhistoria skal gje oss slektshistoria frå Adam til Noah, starta det med å gripa tilbake til skapinga (5.1ff). Tilsvarande er det når livet «startar på nytt» etter syndflaumen og ved den pakta Gud då gjera med heile skaparverket. Ætta frå Noah førest fram til Abraham og utveljinga av han. Då startar frelseshistoria som endar i Messias, Jesus Kristus.
Urhistoria er med dette avgjerande både for å forstå mennesket og frelsa, og difor er det viktig at det vert undervist grundig i dei første elleve kapitla i Skrifta!
Johannes Kleppa

