God rettleiing om ekteskap, skilsmisse og gjengifte

I samfunnet står det ein sterk kamp om ekteskapet, og det gir ringverknader langt inn i kristenfolket. Det fører med seg ulike samlivsformer og skilsmisse, og med det også gjengifte.

Dette vart teke opp i to timar under Sareptasommer i Fyresdal. Det var Tor Andre Haddeland som underviste om dette. Det første timen brukte han til å skissera den utfordringa vi står i, og undervisa om ekteskapet. Den andre timen var i stor grad om skilsmisse og gjengifte.

Målet var å få fram kva Guds ord seier om desse spørsmåla, samstundes som ein tok på alvor den vanskelege situasjonen som mange opplever med tanke på dette, ikkje minst når det gjeld skilsmisse og gjengifte. Gjennomgangen var sterkt bibelsk orientert og tydeleg, men neddempa i språkbruk og det vart vist stor forståing for dei utfordringane mange opplever på dette feltet. Undervisninga var med det ei tydeleg bibelsk rettleiing, kombinert med god sjelesorg på området. Fleire gav i etterkant uttrykk for takksemd for dette.

Den undervisninga, rettleiinga og omsorga som slik kom til uttrykk, vil vi gjerne nå ut med til langt fleire enn dei som var i Fyresdal. Det Tor Andre Haddeland underviste, stiller leiinga i Misjon Sarepta seg bak, både når det gjeld den bibelske tilrettelegginga og den sjelesørgeriske haldninga. I samråd med Tor Andre legg vi difor dette ut som ei separat sak, og håper mange vil høyra desse to timane og gjerne spreia dei vidare. Sjå lenke.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av