Vi er inne i spennande tider for Centro Sarepta. For det eine er Jørn Slimestad i ferd med å overta som dagleg leiar for senteret eller Arild Melberg, som no er dagleg leiar ved Bjorliheimen Fjellhotell. Jørn har dessutan med kona si, Wenche, som si høgre hand. Det er alltid spennande med nye kostar, og desse to synest å ha kome godt inn i arbeidet og viser stor iver.
Det som også er spennande, er at det stadig har auka med grupper og gjester for den norske delen ved senteret. I år er det heilt fullt i store delar av september og oktober, slik at ein har måtta seia nei til folk som ville koma i denne perioden. Det er faktisk nokre som bur ein annan stad, men vil vera ein del av miljøet på senteret, slik at dei har alle måltida ved her og dei fylgjer undervisninga – det er det siste som dei opplever viktigast! Dessutan har vi ein svært hyggeleg og aktiv familie frå Bolivia som volontørar. Før skulesart hadde vi også ein leir for spansktlande med fulle hus.
Eg skriv desse linene frå Centro Sarepta, og då eg kom hit for ei veke sidan, var det fullt av spansktalande frå ei forsamling som hadde leir her. Denne veka det vore like fullt med ungdom frå to Oasen-skular, og fleire skular kjem framover. Det med kristne friskular og andre ungdomsgrupper som kjem hit for ei veke, har vorte ein stadig større del av drifta. Dei deltek oftast på litt av vårt opplegg, og så har dei sitt eige program heile dagane. Vi ser stort på at slike grupper kjem hit og vert kjende med staden og får informasjon om Sarepta sitt arbeid, i tillegg til det dei får frå Guds ord og kristent fellesskap.
Det er også stadig meir av «vanlege» gjester, sjølv om det dei fleste vekene frå november og utover er plass til fleire. Det same gjeld for vinteren og våren. I vårsemesteret er det ikkje så mange skular og større grupper som om hausten. Det har også meldt seg ei stor gruppe i fjorten dagar til bibelsommar 2026!
Vi har no starta bibelskuleåret på Centro Sarepta med den faste bibelundervisninga. Denne oppstartveka har eg hatt tema «Bibelen», som er eit naturleg tema i starten. Even Ydstebø har undervist i Filipperbrevet. Stammen i bibelskulen er tre volontørar, og ellers er det gjester som er ei veke eller meir, og folk som kjem innom på enkelte timar.
Det vert spennande å sjå om den positive utviklinga når det gjeld skular, grupper og andre gjester, held fram! Det som er minst like spennande, er eit arbeid vi no har starta med å få til ein bibelskule som er delar av året på Bjorliheimen og delar av året på Centro Sarepta. Vi tenkjer då i bolkar, med to hovudbolkar, der ein om hausten er på Bjorli og om våren i Spania. Vi bind det så saman med to bolkar mellom, slik at det også vert ein heilårsbibelskule. Opplegg for dette er altså enda ikkje heilt på plass, men vi satsar på at vi skal få det klart i løpet av relativt kort tid, slik at vi kan starta opp hausten -26.
Dette, og det at vi i periodar no har store grupper som fyller senteret, gjer at vi må tenkja gjennom heile opplegget på nytt, og nok ha større variasjon enn vi til no har hatt. Hovudsaka vil uansett vera undervisning i Guds ord, og misjonsarbeid i Spania. Det står att å sjå korleis totalopplegget vert, men eg trur det vert slik at ulike grupper vil finna det interessant, og at det kjem så mange gjester at romma fyllest!
Det krevst alltid forbønn i misjonsarbeidet, og tider for oppstart og omlegging kallar til ekstra bønneteneste. Be om at Herren opnar og stengjer dører også i denne samanhengen!
Johannes Kleppa

