KrF-leiar Dag Inge Ulstein har fått ein god del kritikk i media og av politikarar for at han har vore rimeleg tydeleg i sin kritikk av Hamas og tilsvarande forsiktig i sin kritikk at Israel. Han har primært forsvart Israel, særleg mot anklagene om folkemord. Det er vanskeleg å kritisera han for det han har sagt om Hamas, så kritikken går på forsvaret av Israel.
Måten Ulstein har ordlagt seg på, er svært sjeldan i det politiske miljøet, sjølv om det burde ha vore sjølvsagt – og ville ha vore det for nokre tiår sidan. KrF-leiaren er med det politisk ukorrekt, og det tålest ikkje. Han får kjeft og hat. I ein valkamp skulle ein tru at det vart vurdert positivt at sentrale politikarar står tydeleg fram, og at det kjem fram ulike vurderingar og standpunkt i den offentlege debatten. Slik er det ikkje når det gjeld Israel. Der synest kritikarane å ha mista normalt gangsyn.
Mitt råd til Dag Inge Ulstein er: Stå oppreist og ta imot all den kjeften du får! Det vinn du på i dagens situasjon, og det vil stå seg i historia. Du har støtte i det store fleirtalet av folk som kan tenkja seg å røysta KrF, og dei andre har også godt av å høyra det.
Om eg skal få utvida rådet: Skjerp kritikken enda eit hakk når det gjeld Hamas, og påpeik den ideologien som ligg i islam generelt og i islamismen spesielt med tanke på fredens hus og krigens hus, og det å ta tilbake landområde muslimane tidlegare har hatt. Dette er ein konstant og eksistensiell trussel mot Israel. Skjerp også støtta til Israel eit hakk, sidan dei kjempar for sin eksistens. I ein slik situasjon bør ein vera varsam med kritikk av dei som sit med ansvaret og kjempar. Det er noko med å ha skoa på.
Alle må vi vera opptekne med lidinga for folket i Gaza, som vi skal vera opptekne med og prøva å avhjelpa all liding – og fleire stader er det langt verre enn her, utan at det vert fokusert. Derimot skal vi ikkje leggja øyra til alt som kjem frå Hamas eller FN, fordi desse har ein agenda mot Israel. Når Israel opplyser om kor mykje naudhjelp dei har sleppt inn over tid, burde det ha vore nok til alle. Det er snakk om eitt tonn mat per person, men det hjelper ikkje når Hamas hamstrar i tunnelane sine.
Både på kort og lang sikt er den klart beste måten å få slutt på lidinga og matmangelen, å få Hamas bort, og at det ikkje er andre islamistiske grupper som overtek styringa. Det burde det internasjonale samfunnet satsa alt på.
Det har lenge vorte framstilt som at praktisk heile Gaza er bomba sønder og saman og ligg i ruinar, men no er det plutseleg slik at sjølve Gaza by viser seg i stor grad å vera intakt og oppegåande, og under Hamas sin kontroll, særleg ved det enorme tunnelnettverket under byen. Kritikken er sterk med tanke på at Israel vil gå inn der, for endeleg å ta knekken på Hamas, slik at det kan leggjast grunnlag for eit betre liv i Gaza.
Det hjelper sjølvsagt lite om ein ryddar det meste av Gaza for Hamas-terroristar, men let dei behalda sitt kjerneområde, altså der dei kan leva, styra, kriga og terrorisera frå. Det er merkeleg at oppegåande folk ikkje ser det.
Dersom det er andre måtar å ta knekken på Hamas, og deira ideologi og terror, enn ved krig, er det sjølsagt bra. Sjølv om den israelske hæren fører så skånsom krig som berre råd med tanke på sivile, er alltid krig grusomt. Nokre gonger er likevel krig unngåeleg og det beste av to vonde. Israel sin krig er rettferdig, fordi styresmakta der fører ein forsvarskrig for å overleva som folk og land, og det etter eit svært brutalt terrorangrep.
Det hjelper ikkje folket i Gaza om ein kritiserer Israel, der resultatet er at Hamas får leva vidare med sin ideologi og sine våpen. Fleire – både politikarar, kommentatorar, rikssynsarar og media – burde fylgja Dag Inge Ulstein sitt eksempel i denne saka.
Johannes Kleppa
foto: istock

