Glimt frå Bjorliheimen

Eg hadde nett gleda av å vera nokre få dagar på Bjorliheimen. Der går arbeidet for fullt, og det vert arbeidd med mange planar for tida framover.

Tida frå Sarepta overtok drifta 1. juli og fram til no har vore veldig arbeidsam, og dei som har sitt arbeid der, har stått på seint og tidleg og gjort ein fantastisk jobb. Alle vil hotellet sitt beste. Det har vore til stor hjelp at nokre frivillig også har stilt opp.

Det kan varier nokså mykje med gjester frå dag til dag, alt etter om det er turistbussar eller ikkje. Hotellet er no lagt ut på booking.com, og det har gitt ein del gjester ut over større grupper som bussar med utanlandske turistar.

Variasjonen kan illustrerast med at den eine dagen eg var der, skulle det ikkje koma nokon buss, og det var nokre få gjester. Omtrent kl 18.00 ringt telefonen, og då var det ein turistbuss som hadde fått problem med motoren og stod havarert på Bjorli. Spørsmålet var om Bjorliheim på sparket kunne ta imot 45 gjester, og det kunne ein! Dei fekk tak i ny buss, og reiste att om natta omtrent klokka halv fem, men sjåføren vart att til bussen var reparert.

Dagen etter var det tre bussar med gjester, pluss nokre andre. Då var hotellet heilt fullt, slik at Ole Andreas Meling som var der for å ha møte, måtte liggja i bubilen!

Rett før dei tre bussane kom, tok oppvaskmaskinen kvelden, og det måtte finnast kreative løysingar for lovleg oppvask. Då var det bra at det var komen ein ny frivillig medarbeider, Øystein Kilane frå Ryfylke. Han var plutseleg «oppvaskar». Han skulle vera omtrent to veker, og den siste veka skulle også kona koma. Oppvaskmaskinen var forresten moden for utskifting før dette skjedde, og i løpet av få dagar kom det ny.

For min del gjekk mykje av tida til å rydda i kjellaren ved å lø opp ved. Det var diverse materialer og anna som var skore opp, og Ole Andreas skar opp mange gamle stolar. Det gjeld om å nytta alle ressursar!

Laurdag ettermiddaG og søndag føremiddag var det møte. Det var ikkje den store flokken, men det er fint å markera for bygdefolket og hyttefolket at det er forkynning på hotellet, og at alle er velkomne på møta, både når det er enkeltmøte og når det er ulike typar arrangement.

Søndagen var siste middagsbuffeen for sommaren. Det var eit fantastisk buffebord både når det gjeld middagsrettar og dessert og kaker. Folk gav mykje positiv tilbakemelding på maten! Dette er ein fin måte å få kontakt med bygdefolk og hyttefolk på, og det gir ei god inntekt.

Litt etter eg reiste derifrå, skulle Normisjon ha ei helgesamling på hotellet. Det er veldig fint at fleire nyttar seg av denne trivelege staden til kristne samlingar og andre positive tiltak.

Bjorli er ein flott plass heile året, og Bjorliheimen er eit godt hotell. Det er god grunn til både å melda seg på arrangement som er der, og til å stikka innom for overnatting eller ta ei helg eller nokre dagar på hotellet. Det vil ein ha utbytte av sjølv, og det er til støtte både for Bjorliheimen og for Sarepta sitt arbeid! Det er mange gjester, men ein vil svært gjerne ha enda mange fleire!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av