Val – staten og Israel

Det går mot val i landet vårt, og spenninga er stor med tanke på om det vert venstresida eller høgresida i politikken som får fleirtal. Det er mange moment som kan og bør vektleggjast når ein skal bestemma seg for bruken av røystesettelen. Her vil eg minna om to moment som eg tenkjer at ut frå kristen tenking vil vera svært viktig, men det er ei sak som overgår alt: Rettsvern for barnet i mors mage, altså kampen mot fosterdrap.

Det eine momentet gjeld sjølve staten, kva som er statens mandat og oppgåve, og med det statens grenser. Etter Guds ord er nasjonalstaten ei Guds ordning (Apg. 17, 26f). Det same er styresmakta (Rom 13, 1-7). Vi skal difor be for styresmakta og vi skal lyda styresmakta så sant ho ikkje byd oss å synda eller hindrar oss i å gjera Guds vilje. Vi skal alltid lyda Gud (Apg. 5, 29).

Styresmakta har i utgangspunktet svært få oppgåver. Det grunnleggjande er å gje lover, verja landet og halda orden i samfunnet. Det har også vore vanleg at vegbygging låg til staten. Til desse ting treng staten pengar, og difor er det rett med skatt. Etter kvart har staten påteke seg stadig fleire oppgåver, særleg der ein har organisert staten som ein velferdsstat. Då fylgjer staten mennesket omtrent frå unnfanging til død. Dette gjer at staten også aukar skattane. I landet vårt har staten ein svært sterk posisjon, og med det er også skattekravet svært høgt. Vi betalar gjennomsnittleg om lag 2/3 av inntekta vår i skatt, avgifter og ulike typar eigendelar.

Staten får med det svært sterk økonomimakt, ved at vi har gitt frå oss det meste som ikkje går til det daglege personlege forbruket. Vi har på mange området vorte avhengige av stat og kommune. Når økonomimakta går saman med lovmakta, kan staten gjera nesten kva han vil, og kva staten vil, er avhengig av dei som sit med styringsmakta. Der staten vert sterk, går staten lett ut over sine grenser og trer inn på familiens og individets område. Staten går då inn og styrer kva folk skal tenkja og meina, og korleis dei skal tru og leva – særleg korleis ein skal oppseda borna og kva kunnskapar dei skal få. Staten styrer også over livets siste fase ved å bestemma kva som skal skje på sjukeheimar og sjukehus.

Den norske staten har vorte svært sterk, og han opptrer med livssynsmessig og tankemessig einsretting. I det siste har det vorte svært tydeleg ved rapportar frå Utdanningsdirektoratet (Udir) etter tilsyn ved fem kristne skular. Udir vil diktera kva ein kristen skule kan og må hevda når det gjeld etikk og tru. På ideologiske område kan ein ikkje læra i strid med den rådande tenkinga i samfunnet. Dette gjeld for tida særleg det som har med kjønn, samliv og ekteskap å gjera.

Det andre området eg vel nemna, gjeld Israel, og då særleg korleis styresmakta opptrer i møte med det jødiske folket og med tanke på staten Israel. Jødefolket og Israel er under eit enormt press, i spissen for dette står diverre vår norske styresmakt. Dette er både trist og ei skam. Er det noko folk og noko land som treng støtte for å overleva, er det jødane og Israel. Når Israel kjempar for livet for å overleva, vert det kalla folkemord, medan den parten, særleg Hamas, som verkeleg har folkemord som mål, går klar denne anklagen. Ein rettar altså bakar for smed.

Når ein skal bruka røystesettelen sin, bør ein sjå seg etter parti som ikkje vil statleg maktbruk og ideologisk einsretting, der ein tvingar på folket ikkje-kristen tanke og praksis. Ein bør også sjå seg etter parti som vil stå opp for jødefolket og staten Israel, slik at ein ikkje vert medskuldig i jødehat og kamp mot Israel som ein jødisk nasjonalheim.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av