Det har vore ein kjempestorm i eit vassglas med tanke på Oljefondet og deira investeringar i selskap i Israel. Det er vanskeleg å forstå at ein slik storm kunne oppstå, om det ikkje gjaldt nettopp Israel. Det er godt og nødvendig med etiske retningsliner for alt vi steller med både i samfunnslivet og ellers, inklusivt det som gjeld økonomi og investeringar. Det spørst likevel kva etikk ein legg til grunn, og – kanskje enda meir – korleis ein forstår den verda vi lever i og dei samanhengane ein skal driva med investeringar.
Med tanke på økonomi og investeringar opp mot krig og våpen- og ammunisjonsproduksjon oppstår det ofte merkeleg situasjonar, og nokså inkonsekvente konklusjonar og handlingar. Alle som ikkje er pasifistar, meiner at krig er etisk forsvarleg i gitte situajsonar, då som forsvarskrig. Det vi kallar rettferdig krig. Då må også våpen- og ammunisjonsproduksjon vera etisk forsvarleg.
Ein tanke om at vi aldri skal produsera eller levera våpen og ammunisjon til land som er i krig, vert då etisk inkonsekvent og meiningslaus, eller at vi ikkje på nokon måte kan hjelpa land som er i krig. Då tek ein altså ikkje høgde for om eit land fører rettferdig krig eller ikkje.
Noreg hadde lenge ein politikk som forbaud sal av våpen og ammunisjon til land i krig, men i løpet av relativt kort tid snudde vi denne politikken180 grader når det gjaldt Ukraina – og godt var det. Der er det no snakka om å gje så mykje militær hjelp som råd er og på så mange måtar som mogleg.
Når det gjeld Israel stiller det seg heilt annleis, og det gjeld ikkje berre levering av våpen og ammunisjon, men det gjeld investering i israelske selskap som kan ha ein eller annan funksjon overfor det israelske forsvaret, IDF. Dei mest ytterleggåande meiner det må gjelda alt av selskap i Israel. Dette førte til at Oljefondet på rekordtid måtte gå gjennom sine investeringar i Israel, og dei trekte seg like lynraskt ut av ein del selskap. Dette har sjølvsagt null innverknad på krigen i Gaza. Det er rein symbolpolitikk, samstundes som det er med på å isolera Noreg i forhold til Israel.
Det som her stikk langt djupare enn mangel på praktiske konsekvensar og symbolpolitikk, er at konklusjonane baserer seg på ei forståing av Israel si krigføring som folkerettsstridig og endatil som folkemord, framfor å sjå det som ein rettferdig forsvarskrig. Noreg og Oljefondet handlar med det mot Israels kamp for å overleva som jødisk nasjonalstat, og til hjelp for Hamas sitt terrorregime. Det er med andre ord ikkje hald i Oljefondet sin etikk i dette tilfellet.
I tillegg er det slik at Oljefondet har investert i ei lang rekkje selskap i land over heile verda, og ein del av desse landa bryt menneskerettane på mange og ulike måtar. Eg vil tru det er mykje å ta tak i før ein bør ta tak i Israel. Utover at Israel fører forsvarskrig, er det også slik at det er fleire krigar rundt om på jorda som er langt meir brutale enn den i Gaza. Det er krigar med langt høgare drapstal enn her, særleg når det gjeld sivile.
Noreg og Oljefondet sin opptreden i forhold til Israel er nok eit døme på det enorme presset på Israel og den vanskelege situasjonen landet er i. Hamas sin grufulle terrorhandling har ført til at Israel misser stadig fleire venner, og med det har Hamas oppnådd eit hovudmål med angrepet. I denne situasjonen er det desto viktigare at kristenfolk sluttar ring kring Israel som land og jødane som folk, i bønn og handling.
Johannes Kleppa

