Ekteparet Karin og Lars Nessa frå Ryfylke var frivillige medarbeidarar på Bjorliheimen Fjellhotell fjorten dagar i slutten av juli, og deira konklusjon er: Det var ei spennande og fin utfordring å få bidra i startfasen av hotelldrifta på Bjorli.
Før ekteparet Nessa og delvis samstundes med dei var Anne Berit og Dag Strøm frivillige medarbeidar, også dei gav uttrykk for at det hadde vore både kjekt og meiningsfullt, og at dei gjerne ville koma tilbake. Dette er ein type teneste vi gjerne vil ha på Bjorliheimen. Vi har difor teke ein prat med Karin og Lars om korleis dei tenkjer om Bjorliheimen Fjellhotell og det å vera frivillige medarbeidarar der.
-Bjorliheimen Fjellhotell kan bli ein viktig og verdfull base for Misjon Sarepta sitt arbeid i Norden. Denne basen vil styrka misjonsarbeidet og verta identitetsskapande for misjonsvenene. Misjonsperspektivet blir utvida gjennom kontakten ein får gjennom dei mange utanlandske turistgruppene som besøkjer hotellet. Dette blei konkretisert med nytestamente på koreansk, som ligg gratis tilgjengeleg i resepsjonen, seier dei.
Dei framhevar at ein bibelskule ved Bjorliheimen saman med Centro Sarepta vil representera ein heilskap i misjonsarbeidet heime og ute.
Dei tok på seg denne oppgåva etter ei direkte utfordring, særleg ut frå at det var eit ekstra sterkt behov i oppstarten, og dei opplevde det som ei spennande og fin utfordring å få bidra.
Med tanke på arbeidsoppgåver fortel dei at dei var for det meste sette opp på resepsjonsvakter. Dette innebar å ha telefonvakt, ta imot bestillingar frå gjester og ha ansvar for inn- og utsjekking av grupper og turistar. Dei fleste gjestene kom frå Sør-Korea.
Ein viktig funksjon i arbeidet er å ta seg av overnattingsgjester. Det er viktig at folk blir sett og føler seg velkomne. -Gjestene er jo forskjellige, nokre fekk vi svært god kontakt med, og det blei berikande for oss under opphaldet, seier dei
Ellers gjekk tida til ryddearbeid, samt å hjelpa til på kjøkken og med romservice.
-Det kunne bli lange dagar, men det var litt opp til oss sjølve kor mykje førefallande arbeid vi gjekk inn i. Vi hadde friøkter som mellom anna blei nytta til turar i næromådet i strålande vær. Det var flott å kunna nytta seg av ein del av dei mange turalternativa som Bjorli byr på, seier dei.
Når vi spør om dette er ei oppgåve dei kan tenkja seg å ta på seg fleire gonger, er svaret klart:
-Ja, vi kan tenkja oss å koma tilbake ved eit seinare høve. Dette er eit flott og spennande arbeid som utfordrar oss og gir meining. Som pensjonistar er dette ein god måte å få bidra i misjonsarbeidet på, til gagn for Misjon Sarepta og til glede for oss sjølve.
Karin og Lars vil absolutt oppmoda også andre til å vera frivillige medarbeidarar på Bjorliheimen, og det av fleire grunnar:
– Ein får bidra til at drifta ved hotellet skal gå rundt økonomisk.
– Det gir glede og meining å få vera til hjelp og nytte.
– Ved Bjorliheimen Fjellhotell, som eit misjons- og avhaldshotell, ligg det godt til rette for å få vera gode ambassadørar for Jesus Kristus i møte med dei mange som ein kjem i kontakt med.
Ekteparet Nessa er også opptekne med at vi må finna arbeidsordningar som gjer at dagleg leiar og eventuelt andre ved hotellet ikkje slit seg ut eller går trøytte. Det å vera frivillig medarbeidar på Bjorliheimen kan bidra til det, og det er for både einslege og ektepar. Dersom du kan tenkja deg dette, kan du ta kontakt med dagleg leiar Arild Melberg både med tanke på arbeidsoppgåver og tidspunkt. Det vil også vera behov for vedlikehald.
Mail: arild@bjorliheimen.no

