Kvar gong eg deltek på bibelkurs, bibelveker eller bibelhelger, tenkjer eg: Dette er viktig. Det synest som at mange av deltakarane tenkjer og opplever det same. Det er stadig kommentarar av typen at dette treng vi, og slik undervisning er det sjeldan eller aldri vi får på bedehuset. Det å få undervisning i eit tema eller eit bibelsk skrift over fleire timar, opplevest positivt.
Eg skriv dette etter eg nett har kome frå bibelkurs på Holmavatn på Jæren i regi av Norsk Luthersk Misjonsamband (NLM). Det er eit bibelkurs som har gått over mange år. Det var ein fin flokk som fylgde heile kurset, og ein god del som dukka opp på ein del av timane. Frå måndag kveld til fredag middag var det totalt 15 undervisningstimar og ein misjonskveld. «Møtekondisen» var god, så det gjekk greit!
Det var undervisning i tema frå truslæra og frå Salmane. Sjølv fekk eg ha fem timar om «Endetida, Jesu atterkome og Israel». Det er jo eit tema ein sjeldan har høve til å gå så grundig inn på som gjennom fem timar, og det vart sett pris på.
Når eit bibelkurs går frå måndag til fredag og for det meste på dagtid, må jo folk ha fri for å kunna delta, og difor vert det mest pensjonistar. Andre kan lettare kom på einskilde møte. Det å bu på staden har den fordelen at ein kan få dela sosialt og åndeleg fellesskap og ha høve til å samtala om det som vert undervist.
I Misjon Sarepta har vi heile tida lagt stor vekt på forkynning og undervisning. Dette kjem til uttrykk ved ulike typar arrangement, men særleg ved Centro Sarepta i Spania. Der er det kontinuerleg bibelkurs med 15 undervisningstimar for veka gjennom nesten heile skuleåret. Det er eit veldig flott tilbod til både unge og eldre. Mange nyttar seg av det, men enda fleire kunne gjort det. Det er eit sjeldan godt høve til å få allsidig kristen kunnskapen, anten ein er der ei veke eller fleire veker.
Eg gled meg til at vi snart også kan innby til ulike typar bibelhelger, bibelveker og bibelkurs på Bjorliheimen Fjellhotell. Ein av hovudgrunnane for at Sarepta har overteke drifta av dette hotellet, er at vi skal kunna gje enda meir bibelundervisning enn vi kan gjera ved spreidde møte rundt om i landet.
Alle møtepunkt mellom folk og Guds ord er viktig, men i dag vil eg altså slå eit ekstra slag for samanhengande bibelundervisning. Det er svært mykje mindre forkynning og undervisning på bedehusa rundt om i landet no enn det var for ein generasjon eller to sidan, og då trengst det alternativ til dette. Behovet for bibelkunnskap har jo ikkje minka! Det er jo heller motsett! Den kristne kunnskapen som tidlegare vart gitt gjennom skulen, er praktisk talt borte, og med det aukar behovet for å gje slik undervisning i andre samanhengar.
Eg er overtydd om at Bjorliheimen Fjellhotell er strategisk viktig i denne samanhengen. Vi har fleire opplegg for bibelundervisning der under planlegging, og noko er alt på plass. Vi har også meir omfattande opplegg som bibelskulen under vurdering og planlegging. Eg vonar mange vil bistå i dette arbeidet med forbønn, og eg vonar mange vil nytta seg av den hjelpa ein her kan få til bibelsk kunnskap og med det til kristent liv, ved å koma på slike arrangement.
Bjorliheimen Fjellhotell har fått opp ei informativ og oversiktleg heimeside, bjorliheimen.no. Du kjem også inn på denne sida via Misjon Sarepta si heimeside, misarepta.no. Under vignetten «Arrangement og møter» vil du finna opplysningar om det som gjeld møte, bibelkurs og andre samlingar som Sarepta har på hotellet.
Vel møtt på Bjorliheimen Fjellhotell – til glede for både deg og Bjorliheimen!
Johannes Kleppa

