Kristne skular og «fiendtlige miljøer»

I Dagen har det vorte skrive ein god del om Utdanningsdirektoratet (Udir) sine tilsynsrapportar frå fem kristne skular knytt til Menigheden Samfundet og Det Almindelige Samfund. Dei vurderingane, den argumentasjonen, dei konklusjonane og dei pålegga som vi finn der, undergrev kristne skular som vil ha ei bibelbasert undervisning. Argumentasjonen er slik at han også rammar kristne trussamfunn og bibelforplikta forkynning. Det er altså svært dramatisk om desse rapportane vert ståande. Då endar vi i sivil ulydnad ved å lyda Gud meir enn menneske.

Ein som frå utsida har sett dette er, ikkje uventa, Harald Stanghelle. Han har hevda at rapportane ber i seg ei utholing av religionsfridommen, og at det fører med seg «en moderne form for tvang til tro», og då er det staten med sine organ som tvingar. Dette har han etter mitt skjønn heilt rett i, men det har ført til sterk protest frå Gunn Vedøy og Jonas Yassin Iversen, begge professorar i pedagogikk. Deira synspunkt og argumentasjon er sterkt urovekkande, faktisk skræmande.

Det mest påfallande er at dei skriv om kristne friskular, som dei rett nok kallar «privatskoler», utan med eit ord å nemna foreldreretten. Derimot skriv dei mykje om «skeive elevar» og deira situasjon, og let det verta styrande for korleis ein skal tenkja om kristne skular. Det er korrekt at ingen skal diskriminerast, men det kan ikkje brukast mot religionsfridommen og foreldreretten. Det er ikkje elevane som definerer ein kristen skule, faktisk ikkje andre skular heller, men foreldreretten.

Ei lita eller stor gruppe elevar, og den «skeive» gruppa er svært liten, skal ikkje bestemma verdigrunnlaget for ein skule eller innhaldet i undervisninga. Alle elevar skal visast repekt, men dersom undervisninga er slik at elevar reagerer, og foreldre ikkje ønskjer slik påverknad av borna, får foreldra finne ein anna skule for borna sine. Skulen skal ivareta det skulen er oppretta for i samsvar med foreldreretten. Det er merkeleg at professorar i pedagogikk ikkje argumenterer ut frå foreldreretten, særleg når det gjeld friskular. Det seier nokså mykje om den einsrettinga som skjer i dagens samfunn og i utdanningssystem.

Dei to professorane påpeikar at det «ligger stor makt i å kunne styre innhold og verdier i skolen». Det har dei heilt rett i, men det vert feil når dei rettar det einsidig mot «konservative kretser». Den som har mest makt på dette området, er udiskutabelt staten som bestemmer innhaldet i den offentlege skulen. Det som skjer av makt  i kristne friskular, er marginalt samanlikna med dei kommunale skulane, men det er svært viktig for dei det gjeld – og som frivillig har vald slike skular.

Det er innlysande at det vil vera vanskeleg for elevar som definerer seg som «skeive», når det i klasserommet vert lært at homofilt samliv er synd. Dei som vel slike skular, veit på førehand at dette vert lært, og vil foreldra ikkje ha slik undervisning, står dei fritt til å velja andre skular. Verdibaserte friskular er ein menneskerett, men det er inga plikt å senda borna dit. Ingen har heller rett eller krav på å forandra verdigrunnlaget og den undervisninga som fylgjer av det. Det store fleirtalet av foreldre som sender borna til kristne skular, ønskjer ei undervisning som held fram ei klassisk kristen forståing av kjønn, samliv og ekteskap. Det vert uhaldbart om slik undervisning ikkje kan gjevast, fordi nokre elevar reagerer på det.

Det ideologiske i Gunn Vedøy og Jonas Yassin Iversen sin artikkel toppar seg når dei viser til at forskningslitteraturen omtalar miljø som er vanskelege for «skeive», som «fiendtlige».  Dei definerer i realiteten teologisk konservative kristne skular, som dei aller fleste kristne skular faktisk er, som «fiendtlige miljøer», og det er ikkje småtteri av skader desse kan påføra elevane, og særleg «skeive».

Kva som er fiendtleg, farleg og skadeleg, er spørsmål om etikk, livssyn, ideologi og religion, men i svært liten grad ei vitskapleg sak. Når ein brukar ord som «fiendtlig» i vitskapens namn, brukar ein i denne samanhengen vitskapen til å gå ideologiske ærend. Ein gjer kristenkonservative miljø til farlege plassar for minoritetar, særleg «skeive». Skulle det vera tilfelle, har sjølvsagt Udir rett i sin vurderingar, konklusjonar og pålegg. Problemet og poenget er at det er nokre av oss som tenkjer stikk motsett om kva som er fiendtleg, farleg og skadeleg. Det er etikk og ideologi som ikkje tek naturen og skaparordninga på alvor, men opptrer i strid med denne. Vi trur faktisk at skaparordningane og Guds ti bod er gode og helsebringande både på det personlege planet og i samfunnet, og at dei hindrar det som er farleg og skadeleg. Guds bod går ærend for kjærleiken, ikkje for hat og det findtlege.

Kort sagt: Alle som vil forsvara foreldreretten og kristen oppseding, må no stå opp for dette, eller så kan vi om kort tid vera under den sekulære og einsrettande staten sin tvang til tru.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av