Pass foten din!

Både sommar og vinter kan det vera grunn til å be folk passa føtene sine, slik at dei ikkje fell og slår seg og brekk bein. Det kan også vera grunn til formaninga for å unngå å verta solbrent. Det er likevel noko anna Forkynnaren tenkjer på når han skriv: «Akta foten din når du går til Guds hus!» Han føyer nemleg til: «Kom dit for å høyra!» (Fork 4, 17).

Eg skriv desse linene i forkant av at eg skal på Sareptasommer i Fyresdal og samstundes som eg førebur meg til ei preike på opningsmøtet der. Det er viktig for både den som skal preika og for den som skal høyra, at ein er seg medviten kvifor ein er på eit kristent arrangement og kvifor ein forkynner. Det ordet som dannar fellesnemnaren for det som skal skje på ei samling som Sareptasommer, er ordet «høyr!». Og det skal ha eit utropsteikn etter seg!

På kristne møte skjer det alltid fleire ting, og på eit stort arrangement som Sareptasommer med eit fullpakka program dagen lang ei heil veke, skjer det svært mykje. Då er det viktig at ein ikkje misser sjølve saka og målet for det heile. Det same gjeld for alle møte, anten dei er små eller store. Det heile har sitt siktemål i at folk får høyra Ordet til frelse og nytt liv, til helging og teneste.

For at vi skal kunna ha målet i sikte og komma til den kristne forsamlinga for å høyra, er det avgjerande viktig at vi har klart for oss kva ord som skal forkynnast, og at det faktisk skjer forkynning av det rette ordet. Apostelen Paulus minner korintarane om at det han forkynner, er ikkje «berre ord», men det er Guds ord som verkar med kraft. Det er eit ord som vert forkynt i Den Heilage Ande og med det i kraft og til overtyding. Det er det avgjerande, og det er der dette skjer og fordi det skjer, at ein skal koma dit for å høyra.

Det kan seiast mykje om Bibelen eller Skrifta som Guds ord, men det er Ordet som nådemiddel som er hovudsaka der ein samlast for å høyra Guds ord forkynt. Guds ord er openberring frå himmelen, det er sant og påliteleg i alle delar, det er historisk og apostolisk, det er sanning og har autoritet, det er kjelde og norm for kristen tru og lære, det er til opplysning, lærdom og oppbygging – og meir kunne seiast. Det aller viktigaste i denne samanhengen er at det er inspirert og verkekraftig, det er utgått frå Gud og det er berar av Andens kraft. Ordet kan difor gjera det Gud ved forkynninga har utsendt det til å gjera, og det skal vi ha forventning til skjer. Det nådemiddel, ein reiskap som Gud brukar til å formidla nåde.

Anten det er Sareptasommer i Fyresdal eller andre samanhengr der Guds ord vert forkynt, så: Kom dit for å høyra!

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av