Møtetur til Talgje

,

Torsdag 19. juni var me på plass i bobilen att og skal på møtetur.  Denne gongen går vegen mot sør til ein, for oss, heilt ukjend plass. Talgje, ei lita øy aust for Rennesøy og sør for Finnøy, er målet.  Også denne turen er det Sarepta som sender oss ut.

I tillegg til mange bustadhus har Talgje ei mengd av løer og drivhus mellom grøne bakkar, hagar og tre, ei kyrkje og eit  bedehus. Me skal til bedehuset.  Men fyrst er det kaffi og kake hjå Anna og Bjarte og fem barn. Så får me flott plass til bilen nede ved sjøen. Og trass at me hadde med oss hus med kjøkken, stilte Anna opp med lunsj og middag dei to dagane me var der.

Kvar kveld  Kl .19 var det møte og det var godt med folk alle 3 kveldane. Unge og gamle samlas om Guds ord og fellesskap med kvarandre. Etter møta var det mat og drikke til store og små. Gode songkrefter var det også: Kvitsøykarane på torsdag, Therese og Tor Åge på fredag, og på laurdag song tre av søskena Gard.


Audun tala Guds ord til oss. Ein kveld hadde han 9 fakta om alle på Talgje,- og elles i verda….; om Guds Intelligens (GI). Kjelda er sjølvsagt Guds Ord.

Audun Hjellvik tv. (Arkivbilde)

Det var ein kjekk plass å vera, og trass at det ikkje er mangel på møte på Talgje ynskte dei oss velkomne att. Takk for gode dagar.

Signe H. 24/6

Vil du lese mer?

Mer av