MØTETUR   PÅ  SUNNMØRE

,

Kristian Fagerli har hatt ei veke med møte på Sunnmøre. Han har besøkt bygdene Solevåg, Volda og Fiskå. Sjølv om det har vore dagar med strålande vårver, har fleire funne vegen til bedehusa desse kveldane. Skaparverket har synt seg frå si vakraste side med solskin på snødekte fjelltoppar og fossar fylte med vatn frå snøbreane.

Måndagskvelden var Kristian Fagerli på Fiskå. Ei bygd som ligg like nord for Stad, og bygda er også kommunesenteret i Vanylven.

Denne kvelden tok han utgangspunkt frå Salme 90,16: Lat di gjerning verte openberra for dine tenarar. Vi fekk høyre om Gud sine gjerningar.1) Skapargjerninga. Gud opprettheld  skaparverket kvar dag. Vi ser korleis Gud verkar i naturen i alt det vakre Gud har skapt.2) Frelsesgjerninga.Jesus fullførte frelsesgjerninga, og Jesus syner seg for Guds ansikt i dag.3)Forbønsgjerninga. Jesus lever alltid til å gå i forbøn for oss.4) Utrustingsgjerninga. Jesus utruster folket sitt med nådegåven sine.5) Misjonsgjerninga. Jesus gir Guds barn kraft til å utføre misjonsoppdraget til endane av jorda.6) Israel.Gud samlar folket sitt frå heile verda, og han styrker det utvalde folket sitt i alle deira prøvingar.7) Jesus gjer i stand ein stad for oss der vi får vere saman med han alltid.

Då vi gjekk ut dørene i bedehuset på Fiskå denne kvelden, var det i takksemd for alt Gud hadde openberra for oss gjennom Ordet sitt.

Vil du lese mer?

Mer av