Det er mogleg å investera i så mangt, og det kan variera kva utbytte ein får av det. Nokre gonger går det i tap. Ein kan også gjera åndelege investeringar, og også her kan resultatet vera både positivt og negativt. Investerer ein i avgudsdyrking eller i ugudelege livssyn og ideologiar, er det openbert negativt. Innan kristen samanheng kan investeringa også vera negativ, om ein investerer i noko ubibelsk eller åndeleg usunt.
Eg kom til å tenkja på dette medan eg no er på Sareptasommar i Fyresdal. Det å vera her ei veke eller nokre dagar, må vera både menneskeleg og åndeleg god investering. På det menneskelege planet er her god trivsel med sunne aktivitetar og godt fellesskap, og det er av stor betyding for ekteskap, familie, barn og unge og einslege. Eg tenkjer at det særleg er god investering for småbarns- og tenåringsfamiliar, der gjerne også besteforeldre og andre i familien er med. Det byggjer både kjernefamilien og storfamilien. Det utvidar også vennskapskrinsen til nye folk og familiar.
Det viktigaste er like full den åndelege investeringa. Her er godt tilrettelagt med bibeltimar og kristen undervisning for barn og unge, og møte for heile familien. Her er også viktige seminar med tanke på ekteskap og samliv, familie og personleg gudsliv, og for utfordringar kristne unge står i. Det å investera i slikt som dette, er investering som garantert har god avkastning. Guds ord er verkekraftig og gjer alltid si gjerning. Ordet vender ikkje tomt tilbake.
For oss som har vorte godt vaksne, er det faktisk også ei åndeleg god investering med tanke på å sjå og få vera saman med så mange unge. Av dei ca 550 deltakarane er 260 – altså halvparten – under tretti år, og mange er i alderen rett over. Det er til stor inspirasjon å sjå at så mange unge foreldre tek med familien på ei slik samling, og at så mange unge vaksne også kjem. Dei gjer med det ei god åndeleg investering både for seg sjølv og familien.
Det er mange gode og hyggeleg ting ein kan bruka ferien til. Slekt og venner skal besøkjast, og det er mange fine ting å sjå og oppleva, og ein treng ulike typar avslapping. Dessutan er interessene ulike, og helsa vil variera. Alt dette høyrer med når det gjeld ferie og fritid, men midt opp i alt dette, er det veldig klokt at kristne, og særleg kristne familiar, set av nokre dagar til kristne arrangement. Det skaper også vennskapsband, og det gir åndeleg fellesskap. Det er mange som bur på stader med få kristne, særleg når det gjeld unge kristne. Då er det å møta andre kristne på ein leir eller eit stemne, veldig viktig. Det kan faktisk vera avgjerande for trua.
Kort sagt: Det å investera nokre dagar på ein leir eller bibelcamp som Sareptasommer, er god åndeleg investering!
Johannes Kleppa

