Møteplassar og bønnepunkt

I dag skriv eg kort om noko eg har skrive om mange gonger før, men som alltid er aktuelt: Sarepta vil skapa møteplassar mellom folk og Guds ord. Noko viktigare enn det kan ein knapt gjera. Dette har vore Sarepta si oppgåve like frå starten, både i Spania og i Norden. Det skjer og må skje på ulike måtar. Samstundes må dette vera bønnepunkt.

I Spania er det ingen bedehus eller andre forsamlingshus ein kan nytta. Det er heller ikkje aktuelt å bruka kyrkjene, fordi desse er katolske. Der slepp ein ikkje til med evangelisk forkynning. Det hender vi er i evangeliske forsamlingar og hjelper til med forkynning der, men der er det alt etablert ein møtestad mellom folk og Guds ord. Mange av dei nye møtestadene i Spania er heime hjå folk, i stova eller i hagen, der husfolket har samla slekt, venner og naboar. Nokre gonger er det møte med einskildpersonar. I tillegg kjem alle møtepunkta på Centro Sarepta, anten det er knytt til undervisning, leirar eller andre samankomster.

I Noreg og Norden skjer mykje via møte rundt omkring, der mange er på bedehus, men nokre møtestader er i heimar eller andre stader. Poenget er ikkje kva plassen vert kalla, men at det vert eit møte mellom folk og Gud. Vi har etter kvart fått mange slike møtestader, men vi skulle hatt enda fleire. Vi skulle vore på enda fleire stader, og vi skulle vore oftare på dei stadene vi har etablert ein møtestad. Må Herren driva ut arbeidarar, gjevarar og forbedarar til dette.

Så minner eg om at vi no har fått ein heilt spesiell møtestad: Bjorliheimen Fjellhotell. Her vil det vera mange og ulike møtepunkt, men det skal eg ikkje skriva meir om i dag. Du får fylgja med på heimesida tiol Sarepta om kva som skjer åå Bjorliheimen framover.

I dag vil eg særleg løfta fram dei møtestadene vi har no har om sommaren. På Centro Sarepta har vi Bibelsommer, og i august har vi ungdomsleir og leir for spansktalande. I Noreg har vi bibelcampen på Holmen i Troms, og vi har Sareptasommer i Fyresdal i Telemark. Her samlast mykje folk. Både på Holmen og i Fyresdal er det mange barnefamiliar og unge frå vidaregåande skule og oppover. I Fyresdal er det totalt påmeldt 540 deltakarar, og av dei er 180 frå 0 til 15 år. Det er nøyaktig 1/3 av deltakarane. I tillegg er det mange ungdommar.  

Sommarsamlingane har med det vorte svært viktige møtestader mellom folk i alle aldrar og Guds ord. Det som er ekstra bra med desse møtestadene, er at dei varer over fleire dagar, slik at Guds ord over tid kan få gjera si gjerning.

Ein hovudgrunnen til at eg skriv desse linene, er å minna om at kvart møtepunkt mellom folk og Guds ord, samstundes er eit bønnepunkt. Det vert bede der og då, men det kallar også til å be for desse møtepunkt. Ordet er i Bibelen omtalt som kraft eller som dynamitt. Det har vorte sagt at bønn er som å bora hol for dynamitten, slik at han kan få verka på rett måte.

Det er mykje som skjer om sommaren, og vi flakkar hit og dit både geografisk og i tanke og sinn, men kunne du ta nokre stopp, der du gjer dei ulike møtepunkta også til bønnepunkt.

Johannes Kleppa

Vil du lese mer?

Mer

Mer av